IT/Web og Support i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Anskaffelse biladministrasjonssystem
Austevoll kommune har til hensikt å inngå kontrakt med Electric Time Car as om leveranse av CarAdmin - eit heilskapleg frittståande køyretøyadministrasjons - og oppfølgingssystem for eigenoppfølging av køyretøyflåten til kommunen. Systemet varetek fleire ulike funksjonar i eitt og same system: køyretøyregister med statusar, bilpool, miljørapport, integrert nøkkelsikring, skadeoppfølging, vedlikehaldsoppfølging, verkstadsløysing, vegvedlikehald, elektronisk køyre-bok, dokumenthandtering, flåtestyring og køyretøyøkonomi. i tillegg støttar systemet oppfølging av nøklar og andre objekt. Systemet handterer fleire ulike typar køyretøy og utstyr tilhøyrande køyretøy og gir ein heilskapleg oversiktleg over km tilstanden og oppfølginga til køyretøyet av køyretøyflåten. Bilpool funksjonalitet med ut- og innlevering av køyretøy kan gå føre seg på fleire lokasjonar med både med og utan nøkkelsikring. Systemet skal vera eit «alt i eitt» system, slik at kommunen slepp å ta omsyn til meir enn eitt system. Systemet skal ha løysing for å nyttast utan mobil app. Systemet skal ha funksjonar for el-bilar slik at sjåførane får det køyretøyet som har mest straum/ladning på batteriet. Bilar skal vera knytt til arbeidslistene per skift. Ein vil få tildelt bil basert på inngangskortet til den tilsette. Det skal vera mogleg for alle dei tilsette til kommunen å reservera køyretøy via ei nettbasert løysing, mobilapp og frå Outlook. Kva bilar som kan reserverast av dei tilsette må kunna styrast frå systemet. Rapportering på køyretøy og økonomiske oppfølging med kostnadsfordeling køyretøykostnader er forhold som blir vareteke av systemet. Vidare så gir systemet høve til lagring og arkivering av køyretøy historikk. Det er krav om Azure-ad for automatisk brukarhandtering og pålogging (single sign-on). Det er ikkje funnet andre leverandørar i marknaden som kan levere eit slikt system som etc (Electric Time Car) as på Gjøvik kan levere. Kontrakt blir inngått etter 10 dagar etter kunngjering
Anbud id:
883164
-
Sted:Austevoll
-
Registrert:Fredag 28. Juli 2023
Er du interessert i dette oppdraget?