Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Avlastningsplassar til born og unge i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Avlastningsplassar til born og unge

Austevoll kommune kjøper avlastningsplassar for ca10 born i månaden i Austevoll kommune. Det ligg føre vedtak til borna med avlastning ei helg i månaden. Det kan i tillegg vera aktuelt med avlastning i feriar, (vekesopphald om sommaren, samt haust- og vinterferiar). Austevoll kommune pliktar å nytta anbodsvinnar til avlastning så langt det lar seg gjer, men må i nokre tilfeller nytta private heimar i tillegg. Bustad må vera tilrettelagd for born med nedsatt funksjonsevne og særskilde behov, universelt utforma bustad. Det må vera lagt til rette for at det kan utførast aktivitetar ute og inne for dei ulike funksjonsnivå som ligg føre hos dei ulike brukargrupene av bustaden. Sjå og rettleiande retningslinjer om bustader og utstyr, bemanning m. m. i bustader med heildøgnsomsorgstenester for barn og unge kap. 2. Bemanning: Tilsetjing av fagpersonale, kost og losji. FAgleg ansvar ligg hos leverandør av tilbodet. Personale må ha naudsynt fagutdanning og kompetanse til å yta bebuarane sine tenester i samsvar med retningslinjene sine føremål. Det vil vera behov for vernepleiarar, hjelpepleiarar i vernepleie, barnevernspedagogar og/eller andre som har særskilde kunnskapar om born og unge. Pleiefaktoren må vurderast fagleg for kvart vedtak som vert gjort av Austevoll kommune. Tilsette må levera vandelsattest. Fagleg innhald: Miljøterapi, personleg hygiene, medisinsk ansvar/ heimesjukepleie, adl-trening. Det må leverast skriftleg rapport etter kvart avlastningsopphald til den som sit med vedtaksmynde for tildeling av avlastning i Austevoll kommune. Det skal ligga føre aktivitetsplanar for avlastningsopphalda i god tid, med organiserte aktivitetar. Datoar for gjennomføring av avlastningsopphalda kan fastsetjast av leverandør, og skal gjerast kjent for kommunen tre månader i forkant av kvar halvårsperiode.
Anbud id:
400154
  • Sted:
    Austevoll
  • Registrert:
    Lørdag 19. Mars 2016
Er du interessert i dette oppdraget?