Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Begrensa plan- og designkonkurranse

Leikanger kommune har vedteke å starte planlegging for bygging av alternative buformer med tilsyn for eldre og personar med demens utanfor institusjon. Talet på eldre med demens er sterkt aukande, og kommunen har ikkje i dag eit tilfredsstillande tilbod til denne gruppa.
Det er vedteke å starte planleggingsarbeidet hausten 2017, med føremål om å kunne legge fram forslag for kommunestyret i januar 2018. Byggestart er planlagt våren 2018.
Kommunen planlegg å bygge eit bufellesskap for demente med åtte bueiningar i fyrste fase, samt vurdere og planlegge fire omsorgsbustader.
Bygningane skal oppførast på Ohnstadhaugen, i Leikanger kommune, sjå vedlagt kart i vedlegg 1. Området som er merka o (offentleg føremål) på reguleringsplan, jf. Vedlegg 2, og bygningane skal oppførast i tilknyting til eksisterande sjukeheim som er skissert inn på reguleringsplan.
Som det går fram av vedlagt kart er det lite tilgjengeleg areal på tomten som skal nyttast i dette tilfellet. Det vil derfor vera viktig for kommunen å få eit bygg som gjev best mogleg utnytting av arealet, samt oppfyller behova til brukarane av bueiningane. i tillegg er det viktig at nybygget blir tilpassa eksisterande bygningsmasse på ein god måte.
i samband med dette ønskjer Leikanger kommune å gjennomføre ein plan- og designkonkurranse for arkitektar etter reglane i forskrift for offentlige anskaffelser av 12. 08. 2016 nr. 974 (foa) del v, kapittel 31.
Anbud id:
482166
  • Sted:
    Sogndal
  • Registrert:
    Fredag 18. August 2017