Arkitekt, IT/Web og Support i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Bistand til måling av status for universell utforming av nettløysingar - 2014
Difi vart oppretta 1. Januar 2008 med mål om å utvikle offentleg sektor. Difi sin strategi er knytt opp mot tre innsatsområde: Kunnskapsbasert forvaltningsutvikling, digitale tenester og gode innkjøp. Frå 1. Juli 2013 vart Difi tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar vart sett i verk 1. Juli 2013. Forskrifta gjeld for nettløysingar og automatar med ikt-baserte grensesnitt, som rettar seg mot allmenta i Noreg. Nettløysingar skal oppfylle standarden Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (wcag ) 2. 0, på nivå a og aa med enkelte unntak, medan sjølvbeteningsautomatar skal utformast i samsvar med 10 standardar som det er referert til i forskrifta. Formålet med reguleringa er at ikt-løysingar skal utformast slik at dei kan brukast av flest muleg. Difi skal føre tilsyn med at krava vert etterlevde. Tilsynet vil innrette verksemda mot område med høg risiko for manglande etterleving av regelverket. ikt-løysingar på område som er kritiske med tanke på å sikre likeverdig samfunnsdeltaking, vil ha prioritet. For å avdekke risikoområde, vil utarbeiding av statistikk og analysar som viser status for universell utforming av ikt i Noreg, vere ei prioritert oppgåve for tilsynet. i perioden 18. 08. 14 – 19. 12. 14 vil Difi gjennomføre ei statusmåling av universell utforming av nettløysingar basert på eit representativt utval av nettstader, ved hjelp av måleindikatorar som bygger på standarden wcag 2. 0. Arbeidet inngår i tilsynet sitt prosjekt «Kunnskapsgrunnlag for universell utforming av ikt». Prosjektet er leia av tilsynet og fire av tilsynet sine medarbeidarar deltek i prosjektet. For å gjennomføre statusmålinga og tilrettelegge testdata/data frå målingane som statistikk egna for vidare analyse, vil Difi knyte til seg ekstern bistand. Tilsynseininga i Difi held til i Leikanger i Sogn og Fjordane. Arbeidet vi vil avskaffe bistand til gjennom dette konkurransegrunnlaget, vil i hovudsak finne stad i Difi sin testlab i Leikanger og konsulent(ane) vil inngå i Difi si prosjektgruppe.
Anbud id:
309396
-
Sted:Sogndal
-
Registrert:Tirsdag 17. Juni 2014
Er du interessert i dette oppdraget?