Elektriker, Entreprenør, Kulde & varme, Rørlegger, Snekker, Taktekker, Ventilasjon i Sogn og fjordane

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

913 Siste år
168 Siste 3 mnd
61 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Byggingsmessig oppgrading ved psykiatrisk klinikk, tronvik

Registrert Dato: Onsdag 08. Juli 2009

Helse Førde HF ynskjer tilbod på bygningsmessig oppgradering/ rehabilitering ved Psykiatrisk klinikk, Tronvik. Psykiatrisk klinikk, Tronvik er lokalisert til Kyrkjebø i Høyanger kommune. Psykiatrisk klinikk, Tronvik består av fleire bygningar for ulike føremål, bygt i ulike tidsperiodar. Hovudtyngda av bygningsmassen er bygt i perioden 1956-1958. Hovudbygningen som denne entreprisen omfattar, vart oppført i 1956.
Arbeida som skal utførast omfattar i korte trekk fylgjande:
- Utskifting av store deler av el-installasjonar i bygningen.
- Nytt ventilasjonsanlegg for nord-/syd fløyen, plan 1 og plan 2. Dette fører også til systemhimling for denne fløyen i korridorar, bad og deler av daglegstover.
- Utskifting av ein del el-tavler.
- Utskifting av gamle lysarmaturar m.m.
- Ny el-kjele.
- Skifte av radiatorar.
- Ombygging av post 6 til ruspost. Dvs at 6stk pasientrom skal ombyggast til å inkludere bad og wc, dvs full oppussing, medan resterande pasientrom og kontor skal få naudsynt overflateoppussing som fylgje av det andre arbeidet som vert utført.
- Diverse naudsynte branntekniske tiltak.
- Skifte av tak på hovudbygningen.
- Diverse opsjonar.
Det skal gjevast tilbod på fylgjande entreprisar samla og levert i eitt tilbodsdokument - generalentreprise:
1 21-27 Bygningsmessige arbeid
2 31-33 Sanitærinstallasjonar og varmeanlegg
3 36 Luftbehandling
4 40 Elkraftinstallasjonar
5 50 Tele- og automatiseringsinstallasjonar
Generalentreprenør skal ha ansvaret for koordinering og byggeleiing av alle entreprenørar på byggeplassen.