Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Datakommunikasjon til ytre einingar

Bremanger kommune er ei næringsvennleg kommune. Vi set heilskapen i fokus, og prioriterer det som skal til for at menneska og verksemder skal lukkast. våre 3. 920 innbyggjarar har tilbod om 7 barnehagar og 6 skular. Dei kommunale tilboda skal vere der folk bur. Det er difor eit naturleg mål å tilby desse god data-kommunikasjon, og kommunen ønskjer difor tilbod på leige av kapasitet frå rådhuset i Svelgen til ytre einingar.
Kommunikasjons¬løysingane må ivareta krav om trygg kommunikasjon ved handsaming av personsensitive data. Det er elles opp til tilbydar å beskrive ei trygg løysing i tråd med Datatilsynet sine retningsliner for trygg design.
Det skal gjevast eigne spesifiserte prisar på leige av kommunikasjon, med bandbredde frå 2 Mbit/s og oppover til 20 Mbit/s for nokre lokasjonar. Dersom anna ikkje er oppgitt skal det nyttast synkron kapasitet. Ein føreset at tenester som vlan og qos kan nyttast på nett, samt tilpassing til kommunen sine ip-planar. Lokasjonane som skal koplast til ligg spreidd, med ulik tilgang på breiband.
Bremanger kommune er oppteken av at alle utdanningsnivå skal ha tilgong til dei same mulegheitene for samarbeid og pedagogisk utvikling mellom skulenivåa. Vi ønskjer difor fleksibilitet med omsyn til oppgradering av kapasitet.
Anbud id:
128683
  • Sted:
    Bremanger
  • Registrert:
    Torsdag 23. Desember 2010

Lignende oppdrag i Vestland

1 anbud