Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Datamaskinar og nettbrett for elevar i vidaregåande skule

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Avsluttet

Datamaskinar og nettbrett for elevar i vidaregåande skule

Hordaland fylkeskommune har inngått rammeavtale på datamaskinar og nettbrett for elevar. Konkurransen bestod av to separate delar/grupper: 1. Windows-kompatible modellar 2. osx/ios-kompatible modellar Elevar som går Vg1 første gong vil få tilbod om å bestille ei subsidiert datamaskin eller eit nettbrett, høvesvis ei Windows- eller osx/ios-kompatibel modell. Elevane står fritt til å kjøpe anten gjennom rammeavtalen til Hordaland fylkeskommune eller andre stader, og denne rammeavtalen legg difor til rette for eit frivillig tilbod til elevane. Det går om lag 7000 elevar på Vg 1 i Hordaland, og for skuleåret 2013/14 kjøpte 60 % av elevane einingar gjennom ordninga. Av desse valde om lag 75 % Windows-kompatibel maskin og 25 % osx-kompatibel maskin, og det vart kjøpt flest av den Windows-kompatible grunnmodellen. Det var ikkje gitt tilbod om nettbrett for elevar dette skuleåret. For skuleåret 2014/2015 vil det bli gitt tilbod om nettbrett for ei avgrensa gruppe elevar med særeigne behov. Den teknologiske utviklinga går hurtig, og bruken av ulike tekniske einingar både privat og i skulen er heile tida i endring. Under avtaleperioden vil det vere aktuelt å vurdere kva type modellar elevane skal få tilbod om og kva grupper av elevar som får tilbydd dei ulike modellane. Vidare vil det kunne vere aktuelt å endre/utvide produktutvalet til leverandøren.
Anbud id:
300968
  • Sted:
  • Registrert:
    Onsdag 30. April 2014
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i

6 anbud