Transport i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

948 Siste år
203 Siste 3 mnd
36 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Dialogkonferanse- Strategiforum for kollektivtransport

Registrert Dato: Tirsdag 26. Februar 2013

Skyss etablerer våren 2013 ein arena for gjensidig informasjons- og erfaringsutveksling og drøfting av strategiske problemstillingar med operatørane ? «strategiforum». Forumet er meint for både eksisterande og potensielle operatørar av kollektivtransporttjenester, herunder drift av bane, buss, snøggbåt og ferje. Vi understreker at dette er eit forum for øvste leiarnivå. Sjå vedlegg for meir om rammene for strategiforumet.
Vi inviterer med dette til første møte i strategiforumet 20. mars, kl. 13:30-15:30. Møtet vil bli avhalde i Bergen. Vi vil kome tilbake med informasjon om lokaler.
Agenda for første møte vil vere:
1. Orientering om og etablering av strategiforumet
2. Orientering om arbeidet med kollektivstrategi for Hordaland
3. Innspel til strategi for bussanlegg
I punkt 3 på agendaen ønsker vi å få innspel til arbeidet med strategi for bussanlegg i Hordaland. Vi inviterer operatørane til å førebu presentasjonar (5 minutt) med erfaringar og synspunkt på følgande spørsmål:
- Bør Skyss/HFK stille bussanlegg til disposisjon for operatørane?
- Dersom ja - i kva rutepakkar bør ein stille anlegg til disposisjon?
- Kva bør eit bussanlegg innehalde?
Vi bed om at dei som ønsker å delta melder seg på til Gudrun Einbu, via e-post (gudrun.einbu@skyss.no). Dei som ønsker tid til å presentere sine innspel må opplyse om dette i påmeldinga.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Transport

Drift, Anlegg

Masfjordnes, Hordaland

Avsluttet: Fredag 08. Mars 2013