Endring i kontrakt - anbod 2010 Hurtigbåtrute Sogn og FJordane - Bergen 2012-2020(22)
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Avsluttet
Endring i kontrakt - anbod 2010 Hurtigbåtrute Sogn og FJordane - Bergen 2012-2020(22)
Endring av fartøy på rute Sogndal – Bergen – Sogndal. Endringa gjeld ikkje tilleggskjøp, men er ei endring som fører til ei innsparing for fylkeskommunen. For å tilpasse fartøy i ruta til transportbehovet og fylkeskommunen sine økonomiske rammer, vert fartøyet som i dag har plass til 190 passasjerer bytta ut med fartøy med plass til 147 passasjerer. Nytt fartøy har propelldrift i staden for vannjet. Fartøyet har ei lengde på 24, 5 meter og bredde på 8 meter. Endringsordren fører ikkje til endring i rutetabellen. Utover dei endringar som kjem fram av endringsordren og nytt fartøyskjema, gjeld konkurransegrunnlaget og det samla avtaleverket, inkludert Norled sitt innleverte tilbod, forøvrig. For at det skal vere økonomisk balanse i kontrakten også etter endring, får oppdragsgjevar den økonomisk effekten av endringa. Den økonomiske effekten gjer til at den årlege godtgjerlsa for oppdragsgjevar vert redusert med 4 842 600 kroner. Oppdragsgjevar vurderer at endringa ikkje utgjer ei vesentleg endring. Vurderinga som ligg til grunn for dette er at det gjennom statistikk syner at passasjertalet ikkje tilseier at det er naudsynt med eit passasjertal på 190. Vidare syner ein til punkt 6 i budsjettsak 05/14 i Finansutvalet og sak 49/14 og 50/14 i hovudutvalet for samferdsle, sjå politiske saker på (info fjernet). Sakene illustrerer at dei økonomiske rammene talar for å gjere endringar som gjev oppdragsgjevar mindre kostnader i arbeidet med å sørge for trannsportbehovet. Det ligg såleis føre sakleg grunn for endring. Endringa blir gjort einsidig frå oppdragsgjevar si side ved at det blir sendt ut ei endringsordre i samsvar med punkt 10 i opphavleg konkurransegrunnlag. Sjølv om fartøy vert bytt ut, utgjer dette ikkje ei vesentleg endring i kontraktens si art eller omfang. Endringa forrykker heller ikkje konkurransehøvet, ved at det er stilt krav om at den økonomiske balansen av endring ikkje går i favør av operatør. Endringa fører til ei innsparing for oppdragsgjevar. Endringa fører til nye vilkår for kontrakten, då passasjertal er endra, samt at nyttfartøy nyttar propell framføre vannjet. Dette er likevel ikkje vilkår som vil kunne ha forrykka konkurranseresultatet i den aktuelle saka. Likevel ynskjer fylkeskommunen å foreta ei intensjonskunngjering for å vere trygge på at det ikkje vert gjennomført ei ulovleg direkte anskaffing.
Anbud id:
334535
-
Sted:
-
Registrert:Onsdag 19. November 2014
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i
6 anbud
-
Omtrekk av to stolerHva koster det å trekke om to slike stoler?
-
Kristiansand
-
Lørdag 11. Januar 2025
-
-
Få en liten brygge for å komme ut i båten i SurnadalFå ordnet en tilgang til båten fra svaberget i bøfjorden
-
Lillehammer
-
Lørdag 11. Januar 2025
-
-
Opplegg til vaskemaskin fra kjøkkenSkulle gjerne ha satt opp opplegg for vaskemaskin fra rør på kjøkken. Vaskemaskin skal kunne brukes fra kjøkken. Trengs å gjøres kjapt.
-
Oslo
-
Lørdag 11. Januar 2025
-
-
Bygge 2 hytter ÅmliHar støpt såle til begge hyttene Jeg har fått snekkret ferdig prefabrikert vegger og har kjøpt in vinduer og ytterdør. Jeg ønsker hjelp med resten. Ring hvis du lurer på noe.
-
Åmli
-
Fredag 10. Januar 2025
-
-
EtterisoleringØnsker råd ang. Etterisolering av rekkehus fra år 1970. Krypkjeller, flatt tak. Ta kontakt for mer info
-
Ålesund
-
Lørdag 11. Januar 2025
-