Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Forprosjekt - Oppgradere Grønamyrvegen

Øygarden kommune skal oppgradera eksisterande veg grønamyrvegen, og ønskjer med dette å invitere dykk til å gje tilbod på forprosjekt av oppgraderinga. Prosjekteringa i forprosjektet skal inkludere alle fag ein finn naudsynt. i forprosjektet skal det utarbeidast totalentreprisegrunnelag som skal vera grunnlag for kontrahering av totalentreprenør for utførande anleggsfase. Prosjektet skal gjennomførast i høve til Øygarden kommune sitt investeringsreglement, og følgje dei prosessar dette beskriv. Grønamyrvegen er ein kommunal veg i samband med sartor senterområde, og går frå nord til sør på austsida av sartor senter. Vegen vart originalt bygd på 1970 talet og oppfyller ikkje dagens krav til vegstandard. i områdereguleringsplan for straume sentrum (arealplanid 1246_(info fjernet)) er det beskrive at grønamyrvegen skal ha utforming som gate med køyrebane, kantparkering på deler av vegstrekk samt fortau med møbleringsone / grøntbelte. Tilhøyrande infrastruktur skal og oppgraderast i samanheng med dette prosjektet (va, el kraft, gatelys, fiber o. l) det er ikkje regulert eige sykkelfelt i grønamyrvegen. Varelevering til senterområde vert levert i eit av to hovudanlegg i sartor senter med tilkomst frå denne vegen. Innkøyring til desse er ein frå nord og ein frå sør. Det er næringsområde og bustader som har avkøyringar frå grønamyrvegen. Dette legg føringar for at vegen må haldast open for ferdsle til varelevering, bustad og næring under anleggsfase. Det er stor uvisse knytt til grunntilhøva under eksisterande veg. Ein bed difor om at prosjekterande utfører undersøking av grunnen under vegen si heile lengde. Grunnundersøkinga skal utførast med geoteknisk borerigg. i samband med grunnundersøkinga skal det samstundes utførast miljøkartlegging med særskild fokus på myrområder.
Anbud id:
832843
  • Sted:
    Øygarden
  • Registrert:
    Torsdag 3. November 2022