Arkitekt, Elektriker, Entreprenør, Kulde & varme, Prosjektleder, Rørlegger, Ventilasjon i Rogaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

2529 Siste år
676 Siste 3 mnd
162 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Forsand kulturhus - ventilasjonsanlegg symjehall

Registrert Dato: Fredag 04. Mai 2012

Prosjektering og oppføring av luftebhandlingsanlegg for (1) symjehall med kapasitet 15800 m3/h og (2) terapibassenghall med kapasitet 3500 m3/h. Aggregat for anlegg (1) skal stå i nytt tilbygg på vestsida av symjehallen. Det skal oppførast ny avtrekkskanal frå symjehallen til aggregatet. Tilluft skal knytast til eksisterande kanalnett i teknisk rom under symjehallen. Aggregat for anlegg (2) skal stå i teknisk rom under symjehallen, og tilknytast eksisterande til- og avtrekkskanalar til terapibassenghallen. Aggregatet må om nødvendig leverast oppdelt for å få det inn tilgjengelege døråpningar, og monterast saman på staden.
Det skal nyttast luftbehandlingsaggregat med luftavfukting eigna for bruk i symje- og terapibassenghallar. Aggregata skal leverast komplette med varmevekslar, varmebatteri, avfuktingsutstyr, filter, spjeld, spjeldmotorar og regulering etc, og inklusiv all intern kobling. Det skal også leverast parallelkobla bassengvasskondensator, modem med grensesnitt for feilsøking og fjernstyring, og grensesnitt for overføring av digitale og analoge signal til SD-anlegg via Modbus TCP/IP. Anlegga inklusiv kommunikasjon med SD-anlegga skal igangkøyrast og innregulerast, og FDV-dokumentasjon skal leverast.
Luftbehandlingsanlegg for symjehall og for terapibassenghall ved Forsand kulturhus.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere