Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Alarm og sikkerhet, Elektriker, Entreprenør i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Innbrotsalarm Kyrkjetunet

Det skal installerast innbrotsalarm på Kyrkjetunet Uttrågata 5, 5701 Voss.
Kyrkjetunet er sett saman av eit eldre ombygd bustadhus, ( Sikring av kjellar og 1. Etasje) og eit nytt kontorbygg (ein etasje) oppført i 2015.
Innbrotssikringa skal gå til vektarsentral. Tilbydar står fritt til å levere med eller utan vektartenester inkludert. Vektartenesta må i fall levering vere spesifisert med startkostnad og årleg abonnementskostnad.
Systemet skal koples med eksisterande brannalarmanlegg, som i dag ikkje har utstyr for eksternvarsling.
Systemet skal ha tidsstyring. Det skal vere ein felleskode for Kyrkjetunet, og ein kode som kan nyttast kun i den eldste delen. Alarmsystem skal og kunne nytte personleg nøkkelbrikke for tilgang. (20 brukarar)
Det er 6 ytterdører og 1 hagedør i bygningsmassen, men det skal vere nok med 2 innvendes tablå for kode.
Systemet må på sikt kunne kommunisere med automatiske dørlåsar, og om ynskjeleg kunne byggjast ut til høgare komfortnivå for brukarane i høve til automatisk styring og tilgangskontroll.
Tenesta skal leverast av firma med alle naudsynte godkjenningar og ekspertise på dette fagfeltet.
Det vert gjennomført felles befaring med gjennomgang av leveranse.
Referat frå befaringa vert nytta som grunnlag for leveransen ut over denne beskrivinga.
Denne beskrivinga (Doffin) er difor ikkje uttømmande i høve leveransen.
Tilbod levert utan at firmaet har delteke på befaringa vert ikkje teke med.
Tilbydarane kan levere ulike system, byggherren står fritt til å velje ut frå vektlegging.
Vektleggjing:
Pris 50%
Brukarvennlegheit og drift 50%
Anbud id:
459409
  • Sted:
    Voss
  • Registrert:
    Lørdag 1. April 2017