Arkitekt i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Konsulentbistand - utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel
Fjaler kommune ber om tilbod på konsulentbistand for utarbeiding av komplett leveranse av kommuneplanen sin arealdel, med plankart, føresegner, planomtale med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse. Planen skal tilfredstille krava i plan- og bygningslova med forskrifter og rettleiarar. Det skal varslast igangsetting av planarbeidet på nytt, og det skal utarbeidast eit nytt planprogram.
Prosjektet omfattar følgjande hovudpunkt:
- Varsle igangsetting av planarbeid
- Utarbeiding av planprogram
- Utarbeiding av komplett arealdel til kommuneplan (plankart, planomtale med ku, føresegner, ros-analyse)
- Styring og presentasjonar på folkemøter og arbeidsmøter
i tillegg skal:
- Alle plandokumenta skal leverast i både pdf- og word-format. Plankartet skal leverast i sosi-format, versjon 4. 5.
- Alle plandokument skal ha nynorsk skriftspråk.
- Det skal gjennomførast folkemøter i Dale, Flekke, våge og Guddal etter varsel om planoppstart, og etter planframlegg er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.
- Alle aktuelle innspel frå innbyggarar i kommunen skal konsekvensutgreiast. i tilbodet skal det leggast til grunn ku for 80 innspel.
- Det skal gjennomførast 5 arbeidsmøter.
- Dokumenta «Kommuneplanen sin samfunnsdel», «Kommunedelplan for Dale» og «Planomtale og konsekvensutgreiingar, Fjaler» skal vere mal for plandokumenta.
- Samfunnsdel til kommuneplan og kommunedelplan for Dale skal leggast til grunn for planarbeidet.
- Plotting og kopiering av teikningar og dokument er ikkje del av anbodet.
- Pristilbodet skal innehalde ei skisse over korleis tilbydar tenker seg arbeidsopplegg/gjennomføring med framdriftsplan.
Kommunen vil levere nødvendig bakgrunnsinformasjon som kommunen har ansvaret for, som gjeldande planar, dokument og digitalt kartgrunnlag.
Innhenting av informasjon/grunnlagsmateriale frå andre kjelder må tilbydar stå føre.
Planprosessen skal styrast av tilbydar, og ein føreset at tilbydar deltek på folkemøte og evt. Andre møte/synfaringar etter nærare avtale, og har hovudansvaret for presentasjon av planframlegg og opplegg for medverknad som td. Gruppearbeid/kreativ verkstad.
Formannskapet er styringsgruppe og vil delta aktivt i planarbeidet. Ein føreset at det er eit nært samarbeid mellom politisk nivå, sakshandsamar/prosjektansvarleg i kommuneadministrasjonen og tilbydar om planprosessen og innhaldet i plandokumenta.

Anbud id:
531230
-
Sted:Fjaler
-
Registrert:Torsdag 21. Juni 2018
Er du interessert i dette oppdraget?