Arkitekt i Rogaland
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Kvalifiseringsfase Rammeavtaler arealplanlegging og tekniske konsulenttjenester
Tysvær kommune er ein kommune i vekst, og det er stadig behov for ekstern bistand med arealplanoppgåver og teknisk planlegging, då kommunen her ikkje har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i eigen regi. Kommunen skal gjennom denne konkurransen inngå rammeavtalar om prosjekteringsleiing og prosjekteringsingeniørar innan arealplanlegging og teknisk planlegging med 2 leverandørar. Rammeavtalen er tenkt å skulle dekke hovuddelen av oppdragsgivar sitt behov for dei aktuelle tenestene. Kommunen tek atterhald i rett, men ikkje plikt, til å kunne gjennomføre eigne konkurransar for oppdrag med verdi over kr 600 000. Enkelte oppgåver vil kunne løysast gjennom (info fjernet) ein del av oppdraget må leverandør sette seg inn i kommunen sine overordna planar og strategiar, først og fremst kommuneplan, utbyggingsstrategiar og utbyggingsprogram. Leverandør må kunne hjelpe oppdragsgivar i arbeidet med innspel til årlege budsjett, slik at ein får eit best mogleg talmateriale for planlagde oppdrag. Leverandør og oppdragsgivar utarbeider ein arbeidsplan for det kommande året når budsjettet er vedtatt. Arbeidsplanen skal innehalde alle større oppdrag, mens mindre arbeid vert avtalt etter kvart. Kontraktar inngått innan utløpet av rammeavtalen sin varighet skal fullførast etter denne avtale og forhold avtalt i samband med det konkrete oppdraget. For detaljer, vises det til vedlegg a- omtale av oppdraget med kravspesifikasjon. Prisene skal være faste første året, deretter kan prisene reguleres årlig med ssb sin konsumprisindeks.
-
Sted:Tysvær
-
Registrert:Søndag 3. April 2022