Langtransporterte atmosfæriske miljøgifter
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Avsluttet
Langtransporterte atmosfæriske miljøgifter
Det overordna formålet med dette programmet er å skaffe kunnskap om miljøgifter i luft og nedbør som blir transportert til Noreg i atmosfæren. Overvakinga skal også så langt som mogleg seie noko om geografiske skilnader i miljøgiftnivåa, endringar over tid, samt halde i hevd rapportering til internasjonale konvensjonar, program og nettverk (bl. a. Langtransportkonvensjonen (lrtap), Oslo-Paris konvensjonen (ospar), Stockholmkonvensjonen, Arctic Monitoring and Assessment Programme (amap)). nilu har utført overvakinga på vegne av Miljødirektoratet (tidligare sft; Klif) kvart år sidan starten i 1980. Den nasjonale overvakinga blir utført på nilu sine målestasjonar i sør-Noreg (Lista; 1980-2004/Birkenes; 2004-d. d.), på Svalbard (Zeppelinfjellet; 1994-d. d.) og i Nord-Noreg (Andøya; 2010-d. d.). Stasjonane høver seg godt til luftovervaking etter som dei er plassert på lokaliteter der dei i minst mogleg grad er influert av lokale utslepp/forureiningskjelder. Dei måler difor langtransporterte atmosfæriske miljøgifter, og ikkje miljøgifter frå lokale punktutslepp. Denne infrastrukturen av målestasjonar er unik på nasjonal basis. Sidan 2012 har programmet i større grad enn tidligare fokusert på å skaffe data på langtransport av nye miljøgifter som ikkje er regulerte. i årets program er det inkludert fleire nye organiske miljøgifter som ikkje har vore med i det nasjonale overvakingsprogrammet tidligare, og knapt nok har vore målt på i atmosfæren tidligare. Programmet inkluderer også framleis forbindelsar det har vore målt på heilt sidan 80- og 90-talet. i 2017 skal det analyserast for følgjande miljøgifter i luft: tungmetall, kvikksølv, pcb, hcb, hch, ddt, klordaner, pah, bromerte flammehemmarar, hbcd, klorparafiner, siloksaner, perfluorerte forbindelsar, fosfororganiske flammehemmarar, ftalater. i 2017 skal det analyserast for følgjande miljøgifter i nedbør: tungmetall, kvikksølv.
Anbud id:
441192
-
Sted:
-
Registrert:Onsdag 16. November 2016
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i
6 anbud
-
-
110m2 leilighetFull flyttevask av helt umøblert leilighet. Ingen hvitevarer.
-
Bardu
-
Fredag 22. November 2024
-
-
Renovering i eneboligVi ønsker å endre planløsning og få utført renovering innvendig av enebolig -opprinnelig fra 50-tallet som senere (ca 2005-2007) er påbygd en etasje og delvis renovert. Vi trenger å få snakket med noe...
-
Ørland
-
Fredag 22. November 2024
-
-
Bytte ac-kompressor til Honda Civic hybridHei! Jeg lurer på pris for å bytte av kompressor på en Honda Civic hybrid Mvh Renate
-
Moss
-
Fredag 22. November 2024
-