Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Markedsundersøkelse (RFI) Korleis fordele ansvaret for energikonseptet for elektrisk båt?

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Avsluttet

Markedsundersøkelse (RFI) Korleis fordele ansvaret for energikonseptet for elektrisk båt?

Vi har utforma nokre scenario for ansvarsfordeling basert på våre erfaringar, kjennskap til rammevilkår og tidlegare innspel:
- Generelt veit vi at bruk av batterielektriske løysingar forskyver kontantstraumen i transportkontraktar frå energikostnadar til kapitalinvesteringar knytt til energioverføring og -lagring. Elektrifisering gjev nye rammevilkår og krev anna tilrettelegging frå oppdragsgjevar enn konvensjonelle energiberarar. Skyss har god erfaring frå elektrifisering av ferje, buss og båt i andre kontraktar.
- i tidlegare utlysingar har Enova lagt føringar på at fylkeskommunen som oppdragsgjevar må eige landinfrastruktur. Støtteordninga til Enova vert avvikla og denne føringa er ikkje lenger relevant.
- Tidlegare marknadsdialogar har vist at mange operatørar ikkje ønskjer for mykje ansvar/risiko for infrastruktur på landside. Samstundes har nye aktørar ytra interesse for å tilby effekt eller energi som ei teneste.
Skyss ønskjer innspel frå aktuelle operatørar, tenestetilbydarar og utstyrsleverandørar på følgjande overordna spørsmål:
- Kva forretningsmodellar kan vere aktuelle for ein leveranse av effekt, energi og/eller infrastruktur i ein transportkontrakt kor rutetilbodet krev endringsfleksibilitet?
- Kva ansvarsfordeling og grensesnitt bør Skyss leggje opp til for å best mogeleg sikre at energikonseptet i ein båtkontrakt kan tilpassast eit behov for utvida rutetilbod gjennom kontraktsperioden?
Anbud id:
763514
  • Sted:
  • Registrert:
    Onsdag 27. Oktober 2021
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i

6 anbud