IT/Web og Support i Oslo
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Oslo
Avsluttet
Marknadsundersøking: Nytt sakshandsamingssystem for grave- og arbeidsløyve
Bymiljøetaten nyttar i dag to system. KGrav er ein applikasjon levert av Geomatikk as, i korte trekk fungerer KGrav som ein søkarportal og eit koordineringssystem. Alle som skal etablere leidningar i offentleg veggrunn må søke om dette via KGrav ved at det leggast inn planar i systemet, vegmyndigheitene (bym) gir deretter ei godkjenning av planane som resulterer i eit løyve. Etablering av luftstrekk/skap/kum er også element som vert gitt løyve til via systemet. KGrav fungerer også som ein informasjonsplattform: Systemet viser eksisterande infrastruktur, omsynsområder og framtidige planar om graving eller etablering av ny infrastruktur.
isy Case er ein applikasjon levert av Norconsult. Alle som skal arbeide på kommunal grunn må søke kommunen om løyve, samt betale for leige av gategrunn. isy Case fungerer som ein søkarportal og eit system for å handsame søknadar om alle typar arbeid på kommunal grunn. Aktørar som ønskjer å etablere leidningar eller likande må først ha fått eit løyve via KGrav før dei kan søke arbeidsløyve i isy Case. isy Case fungerer også som ein informasjonsplattform som gir oversikt over alle planlagde og pågåande arbeid i byen, samt historikk over tidligare arbeid og ubehandla søknadar.
bym ønskjer ein meir saumlaus sakshandsaming og brukaroppleving, der ein unngår å gjere dei same oppgåvene fleire gangar. Vi ser difor helst at desse to systema vert integrert i eitt samla system, men det kan også givast tilbod på kvart enkelt system. For å stimulere eventuelle nye leverandørar til å utvikle eit slikt system vil bym vurdere å utlyse ein konkurranse med opp til åtte års varigheit.
Systemet må fungere som søkesystem for entreprenør og som sakshandsamingssystem for vegmyndigheita, det må også kunne brukast som ein informasjonsplattform for andre brukarar hos vegmyndigheit som til dømes kontrollingeniørar og bybetjentar. Brukarterskelen må vere låg for alle typar brukarar. Vi opplev at dagens system har avgrensa funksjonar, eit nytt system bør kunne tilpassast fleire ulike brukarar sine behov.
Systema inneheld sensitiv informasjon om samfunnskritisk infrastruktur, det er difor viktig at datasikkerheit vert godt ivaretatt. Samtidig må nytt system kunne gjere tilgjengeleg avgrensa datasett i maskinlesbare og standardiserte former via eit programmeringsgrensesnitt (api), med mål om å dele informasjon offentleg om aktivitetar som påverkar trafikkavvikling i Oslo.
Tabellen i invitasjonen viser punkt som vi ønskjer å få besvart i forkant av anbodsrunda, den er ikkje meint som ei uttømmande liste. Leverandørar er også velkomne til å gi meir generelle tilbakemeldingar.
Bymiljøetaten ber om at spørsmåla over vert svart på skriftleg innan utgangen av 17. September 2019. Svar skal merkast «6-bym-2019 Nytt saksbehandlingssystem for grave- og arbeidsløyve» og sendast til (info fjernet) med kopi til
[email protected]. Merk at Bymiljøetaten kan motta opp til 20 mb i kvar enkelt e-post. Dersom filene er større enn 20 mb må desse sendast i to eller fleire e-postar.
Dersom de har spørsmål undervegs i marknadsundersøkinga før fristen for innsending av svar er gått ut, kan de bruke meldingsfunksjonen i Konkurransegjennomføringsverktøyet eu-supply.

Anbud id:
597201
-
Sted:Oslo
-
Registrert:Torsdag 18. Juli 2019
Er du interessert i dette oppdraget?