Anleggsgartner, Entreprenør, Maskinentreprenør i Møre og Romsdal
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet
Miljøtiltak Barstadvikelva del 2
Ørsta kommune vil gjennomføre tiltak 2 og 3 i Norce si Prosjektbeskriving for miljløtiltak i Barstadvikelva datert 29. 06. 2022, for å betre forholda for anadrom fisk i vassdraget. Vi syner til vedlegg, der tiltak 1 alt er gjennomført.
Tiltak 2 omfattar fjerning av ca 800 meter opplagt steinvoll langs elva i Erdalen, der stor stein (>50 cm) vert lagt attende til elva og nytta til å heve elvebotnen. Nokre av dei største steinblokkene skal gravast ned i botnen for å sikre stabilitet. Eigna gytegrus (diameter 1-12 cm) skal sorterast ut for seinare bruk ved tiltak 3 og 4. Øvrig masse med diameter 12-50 cm skal køyrast bort til nærliggande deponi lager (sjå vedlegg). Det skal også gjerast utbetring/justeringar av ca 430 meter med eksisterande elveførebyggingar mot dyrka areal og utsette erosjonssoner, figur 3 i prosjektomtalen. For å gjennomføre arbeidet må det etablerast ein mellombels beltetrase langs delar av elva for å transportere inn stor stein med dumper. Stor stein hentast frå eksisterande elveførebygging lengre nede i vassdraget (sørover frå raud strek i figur 2 i prosjektbeskrivinga), i tillegg til ca 70 kbm som alt ligg i Erdalen.
Tiltak 3 omfattar etablering av tersklar med gyteområde, samt gjenåpne eit sideløp i Erdalen- figur 4 og 5 i prosjektomtalen til Norce.
Arbeidet skal gjerast under fiskefagleg byggjeleiing og må vere ferdig innan 15. September 2024. Maskinar og utstyr som blir brukt i arbeidet skal vere grundig reingjort på sikker stad før og etter bruk, for å hindre introduksjon og spreiing av frø eller plantedelar av framande planteartar. Elveeigarlaget vil sage ned ståande skog som er naudsynt for gjennomføring, Det vert lagt opp til ei optimering av prosjektet etter val av leverandør, der gjennomføring og omfanget kan verte justert i høve tilgjengeleg ramme.
Vi ber om timeprisar, etter oppsett i tildelingskriteriet for pris.
Anbud id:
936124
-
Sted:Ørsta
-
Registrert:Torsdag 16. Mai 2024
Er du interessert i dette oppdraget?