Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Snekker i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Møblering storehagen atrium førde - rammeavtale

Verksemdene som skal inn i nybygget Storehagen Atrium i førde (tidl. Meieritomta) går ut med ein samla anbodsinvitasjon for møblering.
Innflytting er tidfesta til august-september 2010. Tidspunkt for dei ulike verksemdene kan variere noko. Innkjøp av møblar vil skje frå vinter/vår 2010.
Det vil bli inngått rammeavtale som kvar verksemd kan handle innanfor. Avtalen vert gjeldande for 4 år.
Fellesareala i bygget vil bli møblerte med gjennomgåande møbelserie/design etter eit felles opplegg. Verksemdene vil møblere eigne kontorareal etter behov, men ved nykjøp er intensjonen til leigetakarane at ein skal kunne følgje ein gjennomgåande møbelserie/design. Det treng ikkje nødvendigvis vere likt innanfor verksemdene sine areal, nokre stader kan det vere ønskjeleg å ha ein eigen stil.
Nokre verksemder har varsla at dei vil kjøpe alt nytt ved innflytting. Andre vil ta med seg sine noverande møblar men skifte ut over tid.
Etter inngått kontrakt vil verksemdene ta kontakt med valt leverandør for spesifisering og prisberekning for sine areal. For fellesarealet vil husstyret handtere innkjøpet. Det er på det stadium vi vil kome til detaljane etter behov/ønskje og i dialog med leverandør.
Verksemdene vil ha behov for løpande oppfølging. Behov vil kome opp i tida etter innflytting. Vi vil derfor stille krav om at valt leverandør har tilgjengeleg seljar som kan kome på besøk på relativt kort varsel for gjennomgang av behov utan kostnad for oss.
Avtalen vil ikkje vere bindande for leigetakarane iht. Krav om at ein må handle alt med valt leverandør. Dette vilkåret må setjast fordi nokre leigetakarar no eller seinare kan verte pålagde å handle møbelseriar som overordna styringsnivå bestemmer. Ein kan også finne det hensiktsmessig å handle enkeltprodukt hos andre. Tilbydar vil like fullt kunne leggje til grunn at verksemdene har intensjon om å handle hovudsakleg med valt leverandør, og at for nokre vil dette gjelde tilnærma hundre pst. For fellesareal vil ein handle innanfor rammeavtalen, og desse kjøpa vil bli gjort i 2010.
Anbud id:
74323
  • Sted:
    Sunnfjord
  • Registrert:
    Onsdag 2. Desember 2009