Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Betong, Elektriker, Entreprenør, Gulv, Maler, Murer, Rørlegger, Snekker, Ventilasjon i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Nav kontorer i KFL bygget, Kvam rådhus.

Kvam herad skal leggja til rette lokale for nytt nav kontor i tilbygget til Kvam rådhus, og ber interesserte tilbydarar om tilbod på ferdigstilling av etablert lokale i 1. Etasje av tilbygget som vart oppført i 2018.
Lokalet er ferdigstilt utvendig med vindauge og ytterdørar, størstedelen av golvet er avretta og grovstøypt på drenert grunn, dette må radonsikrast, isolerast og støypast med vassboren golvvarme. Himling er tenkt å nytta eksisterande holdekke som må målast og pålimast akustikkdempande plater tilstrekkeleg for å oppnå rett etterklangstid. Ytterveggar er ferdig plata med gips og vindauge/ ytterdørar er utan foringar og listverk.
i del som ligg over underetasje med avretta holdekke har me etablert ei kontorrekkje i del av lokalet som no skal nyttast til nav, desse kontora skal byggjast delvis om - men skal kunna nyttast av Kvam herad som kontor fram til juni 2022.
Det vert vist til generelle konkurransereglar og fristar registrert i Mercell.
Vedlegg til konkurransen er lagt ut i Mercell, dette konkurransegrunnlaget 001 gjeld framfor kravsspesifikasjon frå nav som ligg i vedlegg 002 osv.
Vedlagt skisseforslag er i stor grad tilpassa nav sine ynskje og er avklara i brukargrupper med tilsette, tillitsvalde og verneombod. Totalentreprenør må tilpassa skisseforslaget for å sikra at løysinga tilfredsstiller lover og forskrifter i tillegg til å gje plass for naudsynte framføringar av tekniske anlegg etc.
Anbud id:
774761
  • Sted:
    Kvam
  • Registrert:
    Mandag 20. Desember 2021