IT/Web og Support i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Nytt kvalitetsstyringssystem (Doffin oversetter)
Hordaland fylkeskommune (hfk) ynskjer med dette å invitere til dialogmøter knytt til innkjøp av nytt kvalitetsstyringssystem. Anskaffinga av kvalitetsstyringssystemet vil kunngjerast på Doffin i 2017. i samband med anskaffinga, ynskjer hfk dialog med leverandørar i marknaden som kan tilby hfk eit kvalitetsstyringssystem som alle dei ulike einingane kan nytte for å dekke sine behov. Einingane i hfk er som følgjer: - Vidaregåande skulene - Tannklinikkane - Fylkesadministrasjonen - Bybanen Utbygging - Skyss hfk vil anskaffe eit nytt kvalitetsstyringssystem som gir støytte til risikobasert internkontroll innanfor alle arbeidsområder i hfk. Vi ynskjer eit kvalitetsstyringssystem som gir støytte til kvalitetsarbeid i høve til gjeldane standardar og regelver (t. d. Arbeidsmiljølova, personopplysningslova, opplæringslova, kommuneloven, iso 9000-serien etc) Som eit minimun skal kvalitetsstyringssystemet handtere følgjande: • Avvikshandtering • Dokumenthandtering • Risiko- og sårbarheitsanalysar • Beredskap • Rapportering Dialogmøtane vert gjennomført som eit ein-til-ein møte med alle leverandørar som melder seg på. Maksimal tid gitt per leverandør er 2 timer. Dialogmøter er planlagt fredag 21. Oktober og torsdag 27. Oktober 2016. Ved påmelding vil leverandøren tildelast eit møtetidspunkt for eit ein-til-ein møte med oppdragsgjevar. Leverandøren oppgjer ønskja møtetidspunkt. påmelding skjer per e-post til: (info fjernet) innan måndag 3. Oktober kl 12: 00. Agenda for møtene er som følgjer: 1. Innleiing av hfk, samt presentasjon av hfk si organisasjon og behov for kvalitetsstyringssystem, samt krav (ca 10 min) 2. Leverandør presenterer seg sjølve og sitt kvalitetsstyingssystem (60 min) 3. Avsluttande spørsmål og avklaringar (ca 20 min) Vi gjer merksam på at den informasjonen som kjem fram under dialogkonferansen er å sjå på som forretningshemmelegheiter og er unntatt offentlegheita. Det vert presisert at deltaking på dialogkonferansen ikkje er påkravd for å delta i den vidare konkurransen. Ved spørsmål kan underteikna kontaktast på e-post: (info fjernet). Svar på spørsmål vil publiserast på Doffin slik at alle interesserte leverandørar kan sjå dei. Vil kontrakten bestå av delkontrakter: Nei
Anbud id:
431619
-
Registrert:Fredag 16. September 2016
Er du interessert i dette oppdraget?