Bemanning, Utleie i Oslo
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Oslo
Avsluttet
Open anbodskonkurranse - kjøp av vikartenester, DFØ
Direktoratet for økonomistyring (heretter kalla dfØ) gjennomfører anbodskonkurranse med sikte på å inngå rammeavtalar med tre leverandørar for å dekkje behovet for hjelp i form av innleigde vikartenester, hovudsakleg på områda lønns- og personalløysing, rekneskaps- og økonomifunksjonar og innanfor forkontor-/sentralbordtenester.
dfØ heitte tidlegare Senter for statleg økonomistyring (ssØ), men endra namn til Direktoratet for økonomistyring (dfØ) 14. November 2011. dfØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området.
dfØ blei etablert 1. Januar 2004 som éin av sju etatar under Finansdepartementet. Etableringa skjedde hovudsakleg ved å samordne ressursar i finansavdelinga i Finansdepartementet og økonomitenesteseksjonen i Skattedirektoratet og ved 18 skattefutkontor.
dfØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. i tillegg leverer dfØ økonomitenester (lønn og rekneskap) til om lag 70 prosent av dei statlege verksemdene.
dfØ har i dag om lag 370 tilsette fordelt på seks kontorstader og éi sentraleining i Oslo. Kontorstadene ligg i Hamar, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø. i tillegg er det ei avdeling i Vadsø som er underlagd Tromsø.
Tenesta består i å skaffe kvalifisert vikarpersonell for kortare eller lengre periodar til
generelle sentralbord-/forkontortenester og rekneskaps-/økonomi-/lønnsarbeid av varierande kompleksitet og omfang. Vikaren må ofte ha spesiell kjennskap til og kompetanse i Agresso økonomi- og rekneskapssystem og sap lønnssystem. Krava vil i kvart enkelt tilfelle bli spesifiserte i ein minikonkurranse mellom leverandørane på rammeavtalen, sjå kapittel 3. 2. 4.
Oppdragsgivaren ønskjer i tillegg opsjon på vikartenester til andre aktuelle personellkategoriar som dfØ eventuelt vil ha behov for.

Anbud id:
224697
-
Registrert:Fredag 9. November 2012
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Oslo
4 anbud
-
Flyttehjelp og lagringVed flytting før Jan. 20 trenger vi hjelp til: - flytting av stort glass spisebord (foto vedlagt) - bør ha egen beskyttende kasse for glassplate 160*160 cm - samt tung sokkel - vaskemaskin (fra 3. Eta...
-
Stavanger
-
Mandag 6. Januar 2025
-
-
Bærehjelp 2 man til adresse i OsloFast times pris mellom 2 - 3 h Heis i hus Oppmøte 31 januari (enligt avtalet ) Ta kontakt
-
Oslo
-
Søndag 5. Januar 2025
-
-
Nisse ønskes i Trondheim sentrum 24/12Hei ønsker nisse på besøk i Trondheim sentrum 24/12 mellom 16. 00 og 20. 00, for overlevering av liten sekk gaver. Jobben tar kun 5 minutter, men krever nisseantrekk.
-
Trondheim
-
Tirsdag 17. Desember 2024
-
-
Biltransporter til leieTrenger bil transport fra Slettheia til sødal Kristiansand
-
Kristiansand
-
Torsdag 12. Desember 2024
-