Anleggsgartner, Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør i Møre og Romsdal
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Opparbeiding av tomt for ladeanlegg - Øvre Rotset
Det skal etablerast infrastruktur for hurtiglading av elektriske køyrety i tilknyting til nytt næringsområde på Øvre Rotset i Volda kommune. Aktuelt område ligg i vegskråninga til E39, og det vil vere nødvendig med ein del muring for terrengtilpassing. Eksisterande massar skal skiftast ut ned til underkant av ny vegoverbygning, og kvaliteten på massane under trau skal vurderast nærare for eventuell masseutskifting. Det skal etablerast sandfang og drenering som vist på teikning GH001. Gjennom området går det i dag ei høgspentgrøft som inneheld både høgspentkabel og telekabel. Denne kabeltrasén må avdekkast og høgst sannsynleg senkast for å få naudsynt overdekning i framtidig situasjon. Eksisterande lysmaster skal flyttast og påmonterast doble armatur slik at ein får lyssett ladeområdet. når det gjeld arbeid med kablar og teknisk anlegg til ladestasjonane, er det ikkje klart om ladestasjonleverandør ynskjer å nytte same entreprenør som tildelt i denne konkurransen. Kabelgrøfter og nedsett av fundament for ladestasjonar vert difor eit forhold som ikkje er omhandla av dette kontraktarbeidet, og vert eventuelt eit samarbeid mellom ladeleverandør og entreprenør. Asfaltarbeid på sjølve ladeområdet vert halde utanfor denne kontrakta, og arbeidet avgrensar seg derfor til ferdig bærelag klargjort for asfaltering, samt setting av kantstein. Asfaltarbeid melom ny kantstein og kommunal veg som fylgje av utkiling, justering av sandfang etc. Er omfatta av denne kontrakt.
-
Sted:Volda
-
Registrert:Torsdag 27. Januar 2022
Lignende oppdrag i Møre og Romsdal
-
Klippe hekkØnsker anbud på klipping av hekk i Volda. Du må ha eget utstyr.
-
Volda
-
Torsdag 7. November 2024
-