Alarm og sikkerhet, Anleggsgartner, Betong, Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør, Riving, Rørlegger, Snekker, Stålarbeider, Ventilasjon i Vestland
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Oppgradering trykkøkningstasjon Botnaholten
Kinn kommune vil med denne anskaffinga inngå avtale om oppgradering av trykkøkningsstasjon Botnaholten. Botnaholten trykkaukestasjon består av 3 parallelle pumper, som forsyner nettet og Botnaholten høgdebasseng. Trykkaukestasjonen er plassert på kt. 60 og høgdebassenget på kt. 145. Trykkaukestasjonen skal rehabiliterast, både utvendig og innvendig. Innvendig omfattar arbeidet mellom anna riving av alle komponentar som skal utskiftast, nye pumper (3stk), nye ventilar og røyropplegg mellom manifoldar, nye ventilar på eksisterande røyropplegg, ny mengdemålar, betongfundament pumper, nedstøyping av rør/trekkerør, ny avfuktar og pusse ned golv og nytt epoksy-golv. Utvendig omfattar arbeidet mellom anna vask av tak, riving av bordkledning, vindskeier, takrenner og liknande. Bygget skal få ny platekledning, takrenner, dør og (info fjernet) er krav om at trykkaukestasjonen skal vere i drift i anleggsperioda. Lengste samanhengande nedetid er 8 timar, under føresetnad at høgdebassenget er fylt opp. Det er tilstrekkeleg at 1 av 3 pumper er operativ for å drifta nettet. Avtale blir inngått etter ns 8406 – forenklet bygge- og anleggskontrakt med dei endringar som framkjem i Vedlegg 1 Del2 Kontraktsgrunnlaget. Arbeidet vil bli organisert som utførelsesentreprise.
-
Sted:Kinn
-
Registrert:Tirsdag 1. Februar 2022