Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Bedriftsrådgivning, Trafikkskole i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

Opplæringstilbod innan person- og godstransport for minoritetsspråklige

Buss- og godstransportnæringa i Sogn og Fjordane har i åra framover eit stort behov for sjåførar, grunna høg gjennomsnittsalder hos dei som er tilsette per i dag. Rekrutteringa blant ungdom er ikkje god nok til å dekke behovet, mens det er mange søkjarar med minoritetsspråkleg bakgrunn som yn-skjer jobb innan denne bransjen. Erfaringane våre seier at vi har vanskar med å tilby fullt løp fram mot fagbrev som er godt nok tilpassa denne gruppa, slik at det er for utfordrande for dei å fullføre opplæringa og få jobb i etterkant.
Primærmålet er å tilby eit opplæringsløp i samarbeid med nav og bransjen, som er betre tilpassa deltakarar med minoritetsspråkleg bakgrunn, og som kan kvalifisere til sertifikat og jobb, men ikkje til fagbrev i første omgang.
Sekundært er målet at deltakarane gjennom opplæringa kan knyte kontaktar og gjennom praksis få forståing for yrket, for å skape grunnlag for framtidig jobb. Det er eit mål at det vert teikna intensjons-avtalar om framtidig tilbod om arbeid med dei bedriftene som opplæringsleverandør samarbeider med under opplæringa.
For oppdraget skal det bli inngått avtale med ein leverandør.
Oppdragsgjevar har ei øvre budsjettramme til disposisjon, og må ta atterhald om at alle tilbod kan av-visast grunna for høg pris. Den øvre budsjettramma er på kr 2. 000. 000, -
Oppdragsgjevar tek atterhald om at deltakartalet må vere minimum 10 deltakarar for at studiet/kurset vert sett i gang.
Anbud id:
612799
  • Sted:
    Volda, Kinn Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Askvoll, Fjaler, Sunnfjord, Bremanger, Stad, Gloppen, Stryn  Vis alle
  • Registrert:
    Fredag 11. Oktober 2019