Prosjektering av nytt reinseanlegg på Notanes i Øystese, Kvam herad i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Prosjektering av nytt reinseanlegg på Notanes i Øystese, Kvam herad
Kvam herad skal byggje nytt reinseanlegg for avlaupsvatn i Øystese. Reinseanlegget skal ta hand om alt avlaup frå Kvamskogen, Norheimsund og Øystese og områda rundt, då dette vert rekna som eit utsleppområde. Ein har pr. i dag 2 reinseanlegg/silanlegg; eitt i Norheimsund (Tolo) og eitt i Øystese (Notanes). Etter ombygging på Notanes vert det berre eitt anlegg tilbake, berekna for 16 120 pe. (krav i utsleppsløyve). «Gamle» Notaneset reinseanlegg vert ombygd til ein rein pumpestasjon som vil pumpe alt avløpsvatn inn på eit nytt reinseanlegg. Reinseanlegget ved Tolo vert ombygd til ein pumpestasjon med eit reinsa driftsoverløp til sjø. Gjeldande utsleppløyve for reinseanlegget krev at det vert bygd nytt reinseanlegg. løyvet beskriv at reinseanlegget kan byggjast som eit primærreinseanlegg, men det skal leggjast til rette for sekundærreinsing. Kvam herad har behov for å knyte til seg ein rådgjevar som kan hjelpe til med prosessen vidare. Kvam herad ynskjer å gjennomføre byggeprosjektet som ein totalentreprise, der prosessen har 1. Prioritet og eit bygg må tilpassast denne. Ein ynskjer totalentreprise for å utelukke uklare grensesnitt mellom ulike fag i byggjeperioden og i garantitida. For å kunne lyse arbeidet ut som ein totalentreprise, ynskjer Kvam herad å få utarbeida ein grundig funksjonsbeskrivelse. Denne må gje den totale ramma for prosjektet, der leverandøren skal kunne kome med innovative og forbetra løysingar innan ramma.
Anbud id:
389622
-
Sted:Kvam
-
Registrert:Onsdag 23. Desember 2015
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Vestland
1 anbud
-
Transport av ATV tilhengerFrakt av atv kombihenger fra Austbygdevegen 24, 3650 Tinn Austbygd til 5600 Kvam Vekt 320 kg Dimensjoner 225 × 120 × 93 cm
-
Kvam
-
Tirsdag 3. Desember 2024
-