Anleggsgartner, Entreprenør, Maskinentreprenør i Møre og Romsdal
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet
Rammeavtale brøyting Geiranger 2016 - 2018 (2020)
Konkurransen gjeld rammeavtale for brøyting og strøing i Geiranger. Oppdraget omfattar beredskap i perioden 1/11 til 30/4 og brøyting og strøing av kommunale vegar, parkeringsplassar, skuleplassar, fortau mv. Innafor rode 301 ved behov. Oppdraget omfattar også brøyting og strøing av private vegar og areal for kommunen sine abonnentar. Liste over kommunale vegar er lagt til i konkurransegrunnlaget. Talet på private abonnentar var 13 for sesongen 2015 - 2016. Det må påreknast at arbeid skal utførast i heile Geiranger og at nokre plassar er meir verutsette enn andre. Tilbydarane vert invitert til å gje tilbod på ein fast pris pr. Time utført arbeid. Prisen skal gjelde for alt arbeid som vert utført og skal dekke alle kostnadar knytta til gjennomføring av oppdraget som ikke er dekka av fast beredskapsgodtgjersle pr. Rode fastsett i mnt vedtak 106/01. Det skal ikkje gi pris på beredskap. Oppdraget føresett at tilbydarane held seg sjølv med traktor, utstyr og anna som er nødvendig for å oppfylle avtalen, med mindre anna er dekka av beredskapsgodtgjersla. Oppdragsgjevar held oppdragstakar med strømassar som skal nyttast i oppdraget. Oppdragsgjevar vil inngå rammeavtale med den leverandøren som tilbyr arbeidet til lågaste pris pr. Time utført arbeid. Avtalen gjeld for 2 år (1/11-16 til 30/10-18) og kan forlengjast med 1 + 1 år. Samla kontraktslengde skal ikkje vere meir enn 4 år. Det vert spesielt gjort merksam på at brua ved Gjørvahaugen / Hotel Union er smal, og at det derfor er viktig å vere merksam på at dette stiller krav til storleiken til utstyret som vert nytta. Tilbydar vert spesielt oppmoda om å gjere eigne undersøkingar her.
Anbud id:
429349
-
Sted:Stranda
-
Registrert:Lørdag 3. September 2016
Er du interessert i dette oppdraget?