Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Bedriftsrådgivning i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Rammeavtale for Organisasjons- og leiarutvikling

Oppdraget etter denne anskaffinga inneberer levering av tenester for organisasjons- og leiargruppeutvikling for leiarar i Sogndal kommune. Leiarutviklinga skal skje ved hjelp av prosessleiing. Denne må tilpassast utfordringane til organisasjonen og behova for rettleiing kan endre seg undervegs.
Leiarutviklinga skal vere i tråd med kommunen sine verdiar (samskapande – open – god – nysgjerrig) i ei tid prega av omstilling og økonomiske utfordringar. Leiarutviklinga skal bidra til at kommunen vidareutviklar evna til fornying, forenkling og forbetring, samt løyser tenestene på ein rask, god og ressurseffektiv måte. Kommunen skal gjennomføre opplæring og rettleiing innanfor leiing og ferdigheitstrening, bistand og utviklingsprogram retta mot enkeltleiarar, mindre grupper og leiarteam på alle nivå. føremålet er å trygga alle leiarar slik at dei kan vera trygge i utføringa av jobben sin.
For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år.
Verdien av innkjøpet er estimert til 3 millionar ekskl. Mva. Det vert understreka at oppgjeven verdi er basert på estimat. Det vert teke atterhald om endringar i volum, mellom anna med bakgrunn i budsjettsituasjonar som påverkar oppdragsgjevar sin aktivitet. Omfanget av avtalen er uklart, og det påligg ikkje Sogndal kommune nokon kjøpsplikt i volum etter denne anskaffinga.
nærare skildring av leveransen følgjer av Vedlegg 1 - Kravspesifikasjon.
Anbud id:
673669
  • Sted:
    Høyanger, Sogndal
  • Registrert:
    Mandag 5. Oktober 2020