Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

RFI/ Markedsforespørsel Oppstartstidspunkt Bybåtsambandene

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Avsluttet

RFI/ Markedsforespørsel Oppstartstidspunkt Bybåtsambandene

Fylkesutvalet i Vestland fylke vedtok den 9. November bl a følgjande for dei to rutene:
"2. Fylkesutvalet ber om at det vert lagt til grunn nullutsleppsdrift av Askøysambandet, med ambisjon om oppstart frå 2023, med bruk av to fartøy. Administrasjonen bes legge til grunn slik at markedet kan levere på eit nullutslepps alternativ allereie frå 2023. Vidare skal det leggast til rette for at rutetilbodet stegvis skal kunne styrkast gjennom kontraktsperioden. Fartøya må ha god kapasitet til å ta med syklar.
3. Fylkesutvalet ber om at administrasjonen kjem attende med sak om Nordhordlandsambandet. i saka bør ein greie ut på kva måte ein kan styrke passasjergrunnlaget for Nordhordlandssambandet, til dømes gjennom å inkludere sambandet i takst/sone strukteren, samt fleire stopp gjennom finansiering gjennom miljøløftet. Fylkesutvalet ber også om at ein kjem attende med sak om kva for moglegheiter som finnes for å stille krav til nullutslepp på sambandet snarast råd. Utgreiinga skal også vurdere • prisstruktur / del av sonestruktur • evt fleire stoppestader • ladeinfrastruktur og fartøy • samt moglegheiter for anna statleg medfinansiering.
Saka bør inkludere oversikt over både kostnader og klimautslepp ved å a) lyse ut for nullutslepp frå 2025 b) nytt 2-årig kontrakt med konvensjonelt anbod (med opsjon) c) nytt 4-årig kontrakt (med opsjon på 4 år til)".
Basert på tidlegare informasjon frå marknaden har Skyss lagt til grunn at nullutsleppsdrift på askøyruta truleg ikkje vil kunne vere mogeleg før januar 2025. Ein har då lagt til grunn at konkurransen vert kunngjort i februar/mars 2022 med signering av kontrakt hausten 2022. Vinnande operatør vil då ha litt over to år på seg til å kjøpe og etablere naudsynt ladeinfrastruktur på Kleppestø kai, gjere eventuelle kaitilpassingar og få utrusta og testa ut to heilelektriske nybygg.
Spørsmål 1: Dersom ein legg til grunn at tildeling av driftskontrakt for askøyruta skjer i oktober 2022, på kva tidspunkt meiner marknaden at ein tidlegast kan ha driftsoppstart med to heilelektriske fartøy?
Som det går fram av vedtakspunkt 3 (sjå sitat over) er det ikkje vedteken kva teknologi som skal nyttast for nordhordlandsruta. Fylkesutvalet ber om at Skyss legg fram ei sak der fleire alternative løysingar vert skissert.
Spørsmål 2: For det tilfelle at fylkesutvalet ber om null- eller lågutslepp på nordhordlandsruta, på kva tidspunkt meiner marknaden at ein tidlegast kan ha driftsoppstart av eit slikt fartøy på denne ruta?
Dersom fylkesutvalet ber om null- eller lågutslepp på nordhordlandsruta, vurderer Skyss det som hensiktsmessig å la drifta av dei to rutene inngå i same kontrakt.
Spørsmål 3: Vil tidspunkt for tidlegaste mogelege oppstart bli påverka av at drifta av rutene inngår i ein felles driftskontrakt?
For det tilfelle at marknaden meiner at driftsoppstart med null- eller lågutslepp ikkje vil vere mogeleg innan 1. Januar 2023 for ein eller begge av rutene, må Skyss inngå ein driftskontrakt som gjeld frå 1. Januar 2023 og fram til oppstart med null- eller lågutslepp er mogeleg. Skyss legg til grunn at ein for ein slik kontrakt vil legge til rette for eksisterande fartøy i marknaden og bruk av diesel.
Skyss planlegg å legge fram sak for fylkesutvalet i mars 2022 knytt til val av løysing for nordhordlandsruta, samt avklaring av oppstartstidspunkt og eventuelt behov for kortvarige kontraktar. Eit vedtak i mars 2022 betyr at konkurranse om kortvarig driftskontrakt(ar) kan kunngjerast i mars med tildeling i mai 2022. Alternativet er at ein i januar 2022 ber fylkesutvalet ta stilling til dei kortvarige driftsløysingane sjølv om teknologivalet for nordhordlandsruta først vert handsama i mars.
Spørsmål 4: Vil det vere problematisk om Skyss først i mars 2022 kunngjer ein konkurranse om kortvarig drift av askøyruta og/eller nordhordlandsruta og kva vil eventuelt vere konsekvensane av ein slik sein kunngjering?
Anbud id:
768409
  • Sted:
  • Registrert:
    Onsdag 17. November 2021
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i

6 anbud