Entreprenør, Maskinentreprenør, Riving, Snekker i Vestland
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Rivingsarbeid 3 bygningar 4647 - 23/171 Angedalsvegen 89
Oppdragsgjevar innbyr med dette til konkurranse om kontrakt Rivingsarbeid Angedalsvegen 89. Bygningar som høyrer til gbnr. 23/171 i Sunnfjord kommune skal rivast. Det er på gardstunet tre bygningar som skal rivast, våningshus med byggjeår 1958, driftsbygning oppført ca. år 1850 og redskapshus oppført rundt 1975. i tillegg skal «rusk og rask» både utomhus på tomta og inne i bygningane ryddast og fjernast. Det er utført ei miljøkartlegging av bygningane, sjå vedlegg. Det går fram av rapporten at bygningane inneheld nokre bygningsdelar med innhald av helse- og miljøfarlege stoff som vil medføre at bygningsdelane må handterast som farleg avfall ved riving Det vert gjort merksam på at driftsbygningen er i relativt dårleg stand, delar av bygningen er rasa ned. Driftsbygningen inneheld ein del asbest. våningshuset og redskapshuset er også oppført i eit tidsrom då asbest var svært vanleg, så det kan framleis vere asbest i bygningane som ikkje er oppdaga under kartlegginga. Det må såleis utvisast spesiell aktsemd ved all form for riving av bygningane. For nærare orientering om prosjektet, entrepriseoppdeling og kontraktarbeidet, sjå del ii - Kontraktsgrunnlaget. Kontraktens oppstart er sett til 22. Januar med forventa ferdigstilling innan utgangen av april 2024. Som kontraktsføresegner gjeld NS8407 med korreksjonar som går fram av del ii - Kontraktsgrunnlaget, punkt b. 2 Spesielle kontraktsføresegner og b. 3 Seriøsitetskrav.
-
Sted:Sunnfjord
-
Registrert:Søndag 24. Desember 2023
Lignende oppdrag i Vestland
-
Snu rekkverk øverst i trappRekkverket øverst i trappa i huset vårt er vannrett. Vi ynskjer å snu rekkverket loddrett og få det tett nok mellom spilene slik at det blir barnesikkert. Eventuelt andre løysingar som og gjer det bar...
-
Sunnfjord
-
Mandag 20. Januar 2025
-
-
Fjerne septiktanker og sette inn ny.Septiktanken min er 70 år og ødelagd. må ha ny. Problemet er at eg må sette den nye på samme plassen som den gamle. Det er et bolighus med fem personer. Det er noen store røtter der pga. To tre som bl...
-
Sunnfjord
-
Søndag 5. Januar 2025
-
-
Rive flislagt bad på ca 7-8m2Hei! Me ska pussa opp badet og sjekkar muligheiten for å få rive badet og fjerne avfallet. Oppussing startar i midten av februar så rundt den tida må rivinga være ferdig. Ta kontakt
-
Sunnfjord
-
Torsdag 2. Januar 2025
-