Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Skjøtselsplan for haustingsskog i Bondhusdalen

I Bondhusdalen i Kvinnherad er det ein haustingsskog med fleire almetre som tidlegare har vore styva. Her ønskjer forvaltninga å få utarbeida ein skjøtselsplan for korleis man kan ta vare på haustingsskogen og styvingstrea.
Arealet er (grovt avgrensa) på om lag 66 dekar. Her er det truleg omkring 20 almetre som har vore styva. Ni av desse vart styva for nokre år sidan av grunneigar.
Nasjonalparkforvaltninga vil gjerne engasjere ein leverandør som kan skrive ein skjøtselsplan for haustingsskogen. Leverandøren må ha kompetanse og erfaring med skjøtselsplanar i kulturlandskap.
Leverandøren må og ha kompetanse til å oppdage og registrere raudlisteartar på styvingstrea, og til å ta omsyn til desse i tiltaka som vert føreslegne.
Det ferdige produktet er ein skjøtselsplan som skal leverast i pdf-format. Planen skal vere kortfatta og konkret, med størst fokus på sjølve tiltaksdelen.
Skjøtselsplanen skal innehalde:
- Kort skildring av området, haustingsskogen og naturkvalitetane
- Skildring av truslane mot almane og haustingsskogen
- Registrerte raudlisteartar på styvingstrea
- Tiltaksplan med forslag om tiltak for å ta vare på haustingsskogen og naturkvalitetane
Synfaring er ein heilt naudsynt del av oppdraget.
Vedlagt ligg kart som syner plassering og omtrentleg avgrensing. Avgrensinga er rettleiande, og styvingstre som vert oppdaga innan utanfor det markerte området (innan rimeleg avstand) skal og takast med i planen.
Skjøtselsplanen skal leverast innan #URL0# 2021.
Anbud id:
712474
  • Sted:
    Kvinnherad
  • Registrert:
    Tirsdag 13. April 2021
Er du interessert i dette oppdraget?