Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Skjøtselsplan for kulturlandskapet på Styvi, Nærøyfjordområdet landskapsvernområde

Enkel skjøtselsplan for Styvi-Holo landskapsvernområde – Rapport nr 4 -1994 - vart laga før oppretting av nærøyfjorden landskapsvernområde i 2002. Skjøtselen av området har endra seg i løpet av denne tida, og der er trong for ny plan som gjeld for heile kulturlandskapet på Styvi, frå Skalmenes til Bleiklindi. Postvegen mellom Styvi og Bleiklindi er ein del av dette kulturlandskapet. Forvaltninga ynskjer ein forvaltningsplan for korleis kulturlandskapet med slåttemark, beitemark, styvingstre og kulturminne kan verta tatt vare på.
Arealet er grovt rekna til om lag 100 daa. Slåttemarka vert i hovudsak slått med slåmaskin og beita av sauer. Det vert ikkje hausta fòr frå slåttemarka i dag. Nokre av styvingstrea er styva for ein del år sidan.
Det vert gjennomført kartlegging av naturtypar (NiN-kartlegging) i området i år. Resultata frå denne kartlegging er klar i februar 2022, og skal brukast som datagrunnlag i skjøtselsplanen.
Verneområdestyret vil engasjere ein leverandør som kan oppgradera eksisterande skjøtselsplan og skrive ny plan som omfattar heile kulturlandskapet på Styvi. Leverandør må ha kunnskap om natur- og kulturverdiar i kulturlandskap. Leverandør må ha kompetanse og erfaring med å skrive skjøtselsplanar for kulturlandskap med kulturminne. Leverandør bør i tillegg ha kompetanse om lauving og styvingstre.
Det ferdige produktet skal vera ein skjøtselsplan som skal leverast i pdf-format. Planen skal vera kortfalla og konkret, med størst vekt på sjølve tiltaksdelen. Sjå oppdragsskildring for meir detaljert informasjon.
Synfaring er ein naudsynt del av oppdraget. i tillegg må leverandøren rekne med å gjennomføre intervju eller samtale med grunneigarane for å få oversikt over den skjøtselen som har vert og har vore gjennomført på Styvi.
Vedlagt kart syner plassering og omtrentleg avgrensing. Avgrensinga er rettleiande. Viktig kulturmark, styvingstre eller andre kulturminne som vert oppdaga nær opptil, men utanfor det markerte området, skal takast med i planen.
Anbud id:
715564
  • Sted:
    Aurland
  • Registrert:
    Fredag 23. April 2021