Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Oslo

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Oslo
Avsluttet

Spørjeundersøking om skriveopplæringa i grunnskulen: norsklærarens kompetansar, roller og ansvar

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og (info fjernet) og ilu har i ei årrekkje vore sentrale bidragsytarar til forsking på skrivekompetanse og skriveopplæring, både nasjonalt og internasjonalt. Mykje av forskinga er forankra i samarbeid med skular og lærarar, og erfaringar herifrå har hatt innverknad på ulike nivå i utdanningssystemet - frå praksis til politikk. Skriving er ikkje berre ei grunnleggjande ferdigheit i skulen, det er òg ein svært viktig kompetanse for livslang læring og for demokratisk samfunnsdeltaking og medborgarskap. Skulen speler ei avgjerande rolle for at barna skal kunne utvikle denne ferdigheita. Det er i skulen barn lærer å skrive, og norskfaget har eit særskilt ansvar for dei grunnleggjande språklege ferdigheitene - og for kompetansen i begge dei norske skriftspråka. Tradisjonelt har det vore norsklæraren si oppgåve å leggje til rette for at elevane skal lære å skrive, og for å utvikle skrivekompetansen deira. Med skulereforma Kunnskapsløftet i 2006 (LK06) skulle skriving reknast både som ei grunnleggjande ferdigheit i alle fag og som ein fagovergripande kompetanse. Dette ansvaret er styrkt med revisjonen av læreplanverket i 2020. i meir enn ti år har særs mykje av norsk skriveforsking dreidd seg om skriving som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. No ser vi eit behov for meir kunnskap om norskfagleg skriving og om kva rolle norsklæraren har i skriveopplæ(info fjernet) veit at det er stor variasjon i skriveopplæringa som går føre seg i dei ulike klasseromma, og at det òg varierer kva læringsutbytte elevane har i norskfaget. Undersøkinga vi no kunngjer, skal gje oss kunnskap om ulike undervisningspraksisar og korleis norsklæraren forvaltar det fagspesifikke ansvaret sitt og rolla si som «hovudleverandør» av språk- og tekstkompetanse til elevar i grunnskulen.
Anbud id:
863936
  • Sted:
    Oslo
  • Registrert:
    Torsdag 4. Mai 2023
Er du interessert i dette oppdraget?