Støtte til å gjennomføre arbeidsmiljøundersøkelse
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Avsluttet
Støtte til å gjennomføre arbeidsmiljøundersøkelse
Direktoratet for økonomistyring (dfØ) inviterer til konkurranse med forhandling etter reglane i forskrift om offentlege anskaffingar del i og del iii i samband med støtte til å gjennomføre ei arbeidsmiljøundersøking i dfØ. Direktoratet for økonomistyring (dfØ) jobbar for effektiv ressursbruk i staten. Vi tilbyr formålstenlege fellesløysingar til statlege verksemder og promoterer god statleg styring. dfØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring, og vi utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. Hovudoppgåvene til dfØ er å forvalte og formidle kunnskap om etterleving av økonomiregelverket i staten, å forvalte konsernsystema for statsrekneskapen og den statlege konsernkontoordninga og å levere økonomitenester. Vi leverer lønns- og rekneskapstenester til om lag 75 prosent av alle statlege verksemder. dfØ har òg som oppgåve å gjennomføre analysar og utgreiingar som skal danne grunnlag for å utvikle statleg styring. dfØ er organisert i to styringslinjer. Vi har ei rekneskapsavdeling i Trondheim og ei lønnsavdeling i Stavanger. i tillegg har rekneskapsavdelinga ei mindre eining for elektronisk fakturabehandling på Hamar. Applikasjonsmiljøa, dei som utviklar programma og tenestene våre for styringslinjene, er lokaliserte i Oslo. Administrasjons- og it-avdelinga, forvaltings- og analyseavdelinga og direktørstaben er òg i Oslo. Til saman har dfØ om lag 380 tilsette. 140 av dei jobbar i Oslo. Meir informasjon om dfØ og organisasjonen vår finn du på (info fjernet). dfØ har sidan 2012 gjennomført arbeidsmiljøundersøkingar annakvart år med tilhøyrande oppfølgingsarbeid. Det skal no veljast leverandør for nye arbeidsmiljøundersøkingar. Innan utgangen av 2016 skal det vere gjennomført ei ny arbeidsmiljøundersøking blant alle dei tilsette. Denne leveransen skal -vere ei arbeidsmiljøundersøking (ei organisasjonsorientert undersøking), ikkje ei medarbeidarundersøking (ei individorientert undersøking) -vere eit verktøy for organisasjonsutvikling som gjer at leiinga blir betre til å utvikle humankapitalen til verksemda -vere eit leiarverktøy som ein ser i samanheng med strategien og måla til dfØ -gi svar på kva tiltak vi bør setje i verk etter at undersøkinga er gjennomført -samsvare med krava i arbeidsmiljølova og hovudavtalen i staten -byggje vidare på arbeidet som er gjort i undersøkingane frå 2012 og 2014.
Anbud id:
404760
-
Sted:
-
Registrert:Lørdag 16. April 2016
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i
6 anbud
-
-
Bytte ut og tilpasse ny benkeplate på kjøkkenet + montere ny vaskØnsker noen som kan demontere gammel benkeplate, og montere og tilpasse ny. To lengder som skal monteres + tilpassing og utskjæring. i tillegg skal det byttes vask og kran. Ønsker jobben gjort så ras...
-
Oslo
-
Onsdag 8. Januar 2025
-
-
Skifte av register kjedeØnsker pristilbud på register kjede på touran reg UA32439
-
Tromsø
-
Onsdag 8. Januar 2025
-
-
Flytte dør på bad. Bygge garderobeskap.Ønsker å flytte dør på bad til annen vegg, flytte innredning på badet til annen vegg. Bygge garderobeskap på hjul i gang. Snu dør på et rom.
-
Eidsvoll
-
Onsdag 8. Januar 2025
-
-
Snøbrøyting av oppkjørselen og gangstieneTrenger hjelp med snøbrøyting. Stor oppkjørsel og en gangsti bak huset. Har en grusunderlag på hele plassen. Tung arbeid så en snøfreser med bensinmotor eller noe lignende må brukes. Har ingen utstyr...
-
Eidsvoll
-
Tirsdag 7. Januar 2025
-
-
Klippe hengelås, Ensjø- Klippe hengelås -middels stor vanlig hengelås - den er boret, men åpnet ikke, så må klippes med boltesaks - mistet nøkkelen - du må ha boltesaks som fungerer for dette formålet. - Jeg betaler på...
-
Oslo
-
Onsdag 8. Januar 2025
-