Arkitekt, Bedriftsrådgivning, IT/Web og Support i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
System for oppfølging av transportkontrakter
Skyss ønskjer å nytta ei systemløysing for oppfølging av transportkontraktar. Systemet bør vere til støtte for både operatør og oppdragsgjevar i arbeidet med å følgje opp kontraktane, og fungere som dokumentasjon av dette arbeidet. Det er ønske at systemet mellom anna gir: • oversikt over bussparken • oversikt over krav i dei ulike kontraktane (kvalitet, universell utforming, ekstrautstyr, miljø) • moglegheit til å hente ut relevante rapportar/nøkkeltal til utviklingsarbeid og rapportering. Det er ønske om eit system som er utprøvd og driftssikkert, og at leverandør har erfaringar frå aktørar som tilsvarer Skyss. Det er ønska å kjøpe tenester frå eit webbasert system, heller enn å anskaffe systemet. Skyss ønskjer å ta systemet i bruk i forkant av oppstart av nye kontraktar i august 2016. Skyss inviterer med dette interesserte tilbydarar til å sende inn ein overordna og funksjonell skriftlig presentasjon av systemet som kan tilbyast. Det er eit ynskje om at dei løysningsforslag som blir presentert er oversiktlig og av beskjedent omfang. Presentasjonen kan sendast til: e-post: (info fjernet) Eventuelle spørsmål kan rettast til; Gudrun Einbu Mob. : (info fjernet) Leverandørar som ønskjer å presentere sine løysingsforslag i møte med Skyss vil bli invitert til Dialogmøte. Dialogmøta vil bli gjennomført som einskildmøter med ein og ein leverandør, og det er ønskjelig at leverandørane bidreg med informasjon og presentasjon av løysningsforslag. Skyss planlegg å gjennomføra dialogmøta 2. Desember 2015. Dialogmøta vil bli gjennomført på norsk. Det vil bli gjort individuelle avtalar med interessentar om tid og stad for møte. Skyss ser for seg at kvart møte vil vara inntil 1, 5 timar. Leverandører som ønsker å bli invitert til dialogmøte, må sende en e-post med forslag til møtetidspunkt til: (info fjernet) Skyss tek atterhald om å berre kalle inn interessentar som tilbyr eit system som løyser det behovet Skyss har presentert her. Det er og mogeleg å be om å få sende inn beskriving av systemet/tenesta som svar på skyss sitt behov utan å gjennomføre ein-til-ein møte. Ein skriftlig utgreiing av systemet bør helst ikkje innehalda meir enn 5 A4-sider. Vil kontrakten bestå av delkontrakter: Nei
Anbud id:
380726
-
Sted:Bergen
-
Registrert:Torsdag 15. Oktober 2015
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Vestland
1 anbud
-
Befaring på stort renoveringsobjektØnsker prisanslag på totalrenovering av en stk 90 m2 leilighet og etablering av en 65-90 m2 kjellerleilighet. Eiendommen ligger ikke på det åpne markedet og dette gjøres ifm privatvisning. Det må grav...
-
Bergen
-
Søndag 15. Desember 2024
-