Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Anleggsgartner, Arkitekt, Betong, Elektriker, Entreprenør, Glassarbeider, Gulv, Maler, Maskinentreprenør, Murer, Riving, Rørlegger, Snekker, Ventilasjon i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Totalentrepisegrunnlag for Ombygging Lærdal Bu- og omsorgsheim i Lærdal

Prosjektet er delt opp i fire fasar, og omfattar ombygging av sentralkjerne, ombygging og tilbygging av romfløy til omsorgsbustader, ombygging av den eldre delen av las til garderobar, møterom og lager, samt utomhusarbeider jfr. Beskriving. Fase 1 (Sentralkjerne) Ombygging av sentralkjerne omhandlar eit areal på ca. 450 m². Av dette er 372 m² eksiterande areal. Eit tidlegare uterom på ca. 73 m² skal leggast glastak på og takast i bruk til nytt vaktrom. Innhald i dette arealet er blant anna kontor, vaskeri, medisinrom, gangar og lager. Denne delen må utførast fyrst da vaskeridelen som i dag er i romfløyen skal inn her før romfløyen kan ombyggast. Ein skal og bygge ut teknisk rom på taket. Fase 2 (Gamle Heimen) Fyrste etasjen av den eldste delen av lbo skal byggast om til garderobar, møterom og lager, samt eit nytt teknisk rom. Det skal og leverast ein totalrehabilitering av utvendige vegger, utv. Vindauger og dørar, samt taket på dette bygget som er tekka med dråpeskifer. Dette bygget er av kulturhistorisk interesse, og skal ombyggast og rehabiliterast med varsomheit, og i samråd med kulturmyndigheita i kommunen. Fase 3 (Omsorgsbustader) Ombygging av eksisterande romfløy til omsorgsbustader består av eit areal på ca. 750 m². Her skal 70 m² av eksisterande areal rivast. i tillegg skal det byggast til ca. 340 m² med areal som og skal brukast til omsorgsbustader, samt treningsrom til Fysioterapi/Ergoterapi. Det skal i tillegg byggast eit kjølt bygg for avfall sør for denne fløyen på ca 20 m² Denne delen krev og ei ombygging av teknisk rom på tak. Fase 4 (Uteområde) Uteområde skal opparbeidast med park og parkeringsplassar, samt gangvegar og beplanting -Omlegging av trafikkmønster og parkering ved hovedinngang ca. 1000 m² -Nytt uteområde med opphaldsareal, parkering og parkanlegg for personale på ca. 1800 m² -Terrassar, ramper og gangvegar til omsorgsbustader jfr. Skisser -Ny parkering for omsorgsbustader på ca. 500 m²
Anbud id:
403168
  • Sted:
    Lærdal
  • Registrert:
    Fredag 8. April 2016