Totalentreprise - Nytt Næringsbygg - Os ASVO AS i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Totalentreprise - Nytt Næringsbygg - Os ASVO AS
Det skal byggast nytt næringsbygg i Kolskogen næringsområde på Gnr 54 b. Nr 741. Tomten er i dag ein jomfrueleg naturtomt småkuppert fallande mot vest der det er anlagt ein kommunal veg tett inntil eigedomsgrensa. på eigedomen skal det sprengast ut om lag 9000 m3 fast fjell i 2 ulike høgder. Utsprengt stein skal dels omfordelast på tomta, men overskotsmasser skal køyrast bort til totalentreprenøren sin tipplass. Dersom byggherren eller kommunen finn eigne depot for massedeponering, kan byggherren dirigere entreprenøren til dette depotet. på byggetomta skal det førast opp eit næringsbygg i 2 hovudetasjar, begge med ei netto romhøgde på ca 6, 0 meter. i tillegg skal det etablerast 2 mindre mezaninetasjar, og begge hovudetasjar skal tilretteleggjast for at mellomdekk kan etablerast i 100 % omfang på eit seinare tidspunkt i bygget si levetid. Dei 2 mezaninetasjane skal nyttast som kontor / kantine / garderobar etc Skisseteikningar er utarbeidd av byggherre/Os kommune og gjeld som prinsippteikningar for tilbydar. Øvre hovudplan m/ overliggande mezanin skal nyttast av byggherre Os Asvo a/s for sin hovudproduksjon. Os Asvo as er ei opptreningsbedrift for tilsette med særlege behov for opplæring og trening. Nedre hovudplan m/ mezanin skal nyttast av teknisk driftsavdeling, Os kommune Dei 2 hovudbrukarane i bygget skal ha kvar sine åtskilde uteområde og kvar sine hovudtilkomstar til sine lokale. Det er ikkje krav til intern kommunikasjon i bygget mellom dei 2 driftseiningane utover felles føringsvegar for tekniske hovudføringar. Heile anlegget skal før overlevering gjerdast inn med 2 m høgt solid industrigjerde med robuste hovudportar i tillegg til gangport. Heile tiltaket skal byggjast til energiklasse c. Elles skal bygget utførast i samsvar med byggforskriftene som framgår av tek 10.
Anbud id:
342570
-
Sted:Bjørnafjorden
-
Registrert:Torsdag 29. Januar 2015
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Vestland
6 anbud
-
Knekket flis i baderomHei, Trenger hjelp for å skifte en knekket flis i baderom. Jeg har reserve flis hos meg.
-
Bjørnafjorden
-
Onsdag 8. Januar 2025
-
-
Sparkle tak og veggerØnsker ett pristilbud på sparkle jobb. Kjøkkenet er lite, bare 5 kvm. Det er noe ujevnheter etter vi har fjernet overskap.
-
Bjørnafjorden
-
Søndag 5. Januar 2025
-
-
Transport Spisebord stoler .Transport stoler spisebord fra Osøyro til Hamar. Stort bord å 8 stoler.
-
Bjørnafjorden
-
Torsdag 2. Januar 2025
-
-
Frakte hjørne sofaHjørne sofa 2, 5x3 meter kan deles i 2 og legges oppi hverandre lengde 2500mm bredde 1200mm høyde 1000mm ca mål Skal fraktes fra 5209 Os til 9360 Bardu. Ønsker tilbud på transport.
-
Bjørnafjorden
-
Torsdag 26. Desember 2024
-
-
Skøyte på 8 meter og 290 bredØnsker frakt av skøyte båt som er 8 meter lang og 290 bred. Styrhuset kan legges ned om nødvendig Fraktes fra Fusa til bømlo
-
Bjørnafjorden
-
Mandag 30. Desember 2024
-
-
Frakt av innerdør 204x82Ønsker pris på frakt av innerdør fra Hakavik post nr. 5217 til nøtterøy post nr. 3140
-
Færder
-
Mandag 30. Desember 2024
-