Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Anleggsgartner, Entreprenør, Maskinentreprenør i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Trapper til Veten, utlysning september 2021

Oppdraget gjeld opprusting av tursti sør på Huftarøy, frå parkeringsplass på Vinnes til Veten. Dette er eit populært turområde, og det er i dag ein sti i om lag same trase. føremålet med dette prosjektet er å gjera denne turen lettare tilgjengeleg ved å lage trapper i bratte parti og å steinsetja fuktige område. Det skal nyttast lokal stein så langt rå er, men det er og trong for å henta inn stein utanfrå. Det skal gjerast minst mogeleg inngrep i kringliggande natur ved bygging av stien. når stien er ferdig skal natur og vegetasjon langs stien framstå som tilnerma urørt. Dette kravet er ikkje mogeleg å oppfylla med utstrekt bruk av maskinelt utstyr, og det meste av arbeidet lyt difor truleg utførast med handemakt. Stein frå traseen skal nyttast i den utstrekning den er eigna til føremålet. Det kan og hentast stein inn frå kringliggjande område dersom dette kan gjerast utan å etterlata skjemmande sår i natur og vegetasjonsdekke. For transport av naturstein utanfrå er venteleg helikopter den mest formålstenlege metoden.
Anbud id:
754574
  • Sted:
    Austevoll
  • Registrert:
    Søndag 19. September 2021