Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Rørlegger i Agder

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Agder
Avsluttet

Treig drenering i kjøkkenvask + vurdering av oppvaskmaskin

1) Vatnet renn altfor sakte unna i kjøkkenvasken. Eg har prøvd både Plumbo, ublanda salmiakk og Jif flytande avløpsopnar, utan hell. For ei tid tilbake (november, trur eg) fungerte salmiakk godt mot treig drenering, men ikkje denne gongen. Vasslåsen er fri, og etter det eg kan forstå sit problemet nedanfor låsen i røyret som går ned i golvet. Om eg fører røyret frå vasslåsen ned i ei bøtte tømer vasken seg slik den skal. Det må kanskje nyttast stakefjør, men eg er litt skeptisk til å gjere det sjølv før eg veit kva eg gjer. 2) Oppvaskmaskina ville ikkje starte lengre for nokre dagar sidan, men laga berre ein durelyd. Eg har stussa på tidvis litt dårleg vask i det siste. Eg har ikkje mykje erfaring med det, men eg har ikkje sett ein slik vasslås som vi har under kjøkenvasken før. Avløpsslangen til maskina er kopla på like ved røyret frå vasken. Er det mogleg når vasken er så tett over tid, at matrestar og feitt frå oppvask kan kome seg inn og ned i slangen til oppvaskmaskina og skape trøbbel? Oppsummering: Vi treng hjelp til å åpne avløpsrøyret, og vil ha ei vurdering av om vasslåsen er installert slik den skal og om oppvaskmaskina rett og slett har teke kvelden.
Anbud id:
776328
  • Sted:
    Kristiansand
  • Registrert:
    Søndag 2. Januar 2022
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i Agder

6 anbud