Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Trafikkskole i Oslo

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Oslo
Avsluttet

Truckførarsertifisering - enkeltplass arbeidsmarknadsopplæring (AMO)

Oppdragsgivar tar atterhald om det blir inngått rammeavtale med ein eller fleire leverandørar, basert på kapasiteten når det gjeld bestillingar til Leverandørane som deltar i konkurransen. målgruppe: Deltakarar som er tilmeldt nav. Dette vil vere ei ueinsarta gruppe med ulike erfaringar når det til dømes gjeld kjennskap til fagområdet og språklege ferdigheiter. Nokre av deltakarane kan såleis ha behov for meir oppfølging enn andre. Leverandør blir beden om å ta høgde for dette i tilbodet. målsetjing: Dette er eit fagkurs for deltakarar som står nære arbeid. Kurset skal føre fram til sertifisering for truck i klassane T1 – T4, det vil sei sertifisering for truck med løftekapasitet tom 10 000 kg. Det skal bli gitt grunnleggjande teoretisk og praktisk opplæring. Tal på deltakarar Rammeavtalen gjeld kjøp av enkeltplassar, dvs. Ein deltakar om gongen. Leverandør kan undervise i grupper dersom tidspunktet for oppstart samanfell med andre amo enkeltplassar eller oppsette kurs i regi av Leverandøren. Leverandør bør kunne gjennomføre tiltaket 14 dagar etter bestillinga er mottatt. Tal på deltakarar i løpet av eit kalenderår er avgrensa oppover til 150 deltakarar. Gjennomføringsstad Tiltaket gjeld for nav sine brukarar i Akershus. Gjennomføringsstaden skal liggje sentralt i Oslo eller Akershus, og lokala må vere i nærleiken av offentleg kommunikasjon med gongavstand til tog og/eller bussterminal/busstopp. Tal på opplæringstimar Totalt 42/48 timar. Fagleg innhald Det skal bli gitt opplæring i truck T1 – T4. Fagopplæringa skal gjennomførast i samsvar med Opplæringsplan for sertifisert sikkerheitsopplæring (modul 1. 1, 2. 2, 3. 2 og 4. 2) og etter forskrift nr. 1357 fastsatt 12. Juni 2011 om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid). Organisering Leverandøren har ansvar for gjennomføring av undervisning knytt til dei ulike emna/delane i fagplanen. Den praktiske delen av truckførarsertifiseringa skal skje under rettleiing av godkjent instruktør. Dersom deltakar ikkje består teoretiske og praktiske testar som er knytt til truckførarsertifiseringa, skal det vere mogleg å gjere eit nytt forsøk innanfor ramma av kurset sin pris og lengde. Det skal også vere mogleg å gjennomføre testane munnleg ved behov. Pedagogisk tilrettelegging Leverandør blir beden om å presentere føremålstenlege pedagogiske metodar for undervisninga i løysningsskildringa. Metodane som er valt må bli skildra og grunngitt. Instruktørar Instruktørane skal ha kompetanse til å ivareta kurset sine målsetjingar og undervise innanfor alle kurset sine modular. Instruktørar må vidare vere godkjent instruktør på truck. Kompetansebevis og cv skal leggjast ved tilbodet. Sertifiseringar Deltakarane skal sertifiserast for truck i klassane T1 – T4. Kapasitet Leverandør må gjere greie for kapasiteten dei har når det gjeld bestillingar. Opplæringslokal Det må bli oppgitt ei konkret adresse. Lokala må vidare vere tilpassa for menneske med nedsett funksjonsemne. Kurset skal vere tilrettelagt for deltakarar med problem relatert til dysleksi eller lese- og skrivevanskar. Leverandøren skal lage ein kort rapport for kvar deltakar når vedkomande deltakar avsluttar kurset. Tiltaket skal kontinuerleg evaluerast av nav. Kursarrangør skal sende ein konseptrapport til nav Tiltak Akershus kvart halvår.
Anbud id:
327200
  • Sted:
    Oslo, Bærum Asker, Lillestrøm, Nordre Follo, Ullensaker, Nesodden, Frogn, Vestby, Ås, Enebakk, Lørenskog, Rælingen, Aurskog-Høland, Nes, Gjerdrum, Nittedal, Nannestad, Eidsvoll, Hurdal  Vis alle
  • Registrert:
    Fredag 3. Oktober 2014