Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Snekker i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

Ulstein kommune: rammeavtale for kjøp av utstyr i samband med busetjing av flyktningar

I samband med busetjing av flyktningar vert det kjøpt inn elektriske artiklar, møblar og utstyr som vert plasserte i bustadar som flyktningane disponer. Ulstein kommune ynskjer å inngå rammeavtalar som skal danne grunnlag for kommunen sine kjøp av slike varer. Avtalane vil gjelde i 2 år med opsjon på 2 årlege forlengingar der kommunane avgjer om opsjonen skal nyttast.
Årleg skal Ulstein kommune busetje 20 nye flyktningar, derav både einslege og familiar. Det vert føresett at dette omfanget vert vidareført på om lag på same nivå, og at den praksis og dei rutinar ein har rundt denne busetjinga vert vidareført. Kommunen tar atterhald om at aktivitetsnivået kan endre seg.
Anbodskonkurransen gjeld elektriske artiklar og møblar. Den enkelte tilbydar kan levere inn tilbod på berre ei av desse to produktgruppene, sjå oppdelinga i prisskjemaet, vedlegg 3.
Det vert lagt inn ein opsjon som gjeld kjøp av ymse utstyr. Tilbydar kan gje tilbod også på dette utstyret, dersom tilbydar lagerfører slikt utstyr. Tilbydarar som ikkje leverer slikt utstyr, vil ikkje bli diskvalifiserte eller vurdert negativt som følgje av at det ikkje er levert tilbod på utstyret. Det vert understreka at kjøp av utstyr kun er ein opsjon.
Anbud id:
123262
  • Sted:
    Ulstein
  • Registrert:
    Torsdag 4. November 2010
Er du interessert i dette oppdraget?