Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Entreprenør, Maskinentreprenør, Riving i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

VA-sanering Norheim del 3

Som del av saneringa skal eksisterande hovudleidningar i området skiftast ut og oppgraderast. Arbeidet er ei vidareføring av tidlegare utført saneringsarbeid. Som del av saneringa vil eigedommar som ligg til dei kommunale hovudleidningane motta krav om omlegging av sine private stikkleidningar dersom dei ikkje er i tilfredsstillande stand. Arbeidet i dette anbodet vil dermed få eit grensesnitt mot nokre private stikkleidningar for vatn, spillvatn og overvatn.
Som del av arbeidet vil det vere inkludert arbeid med å legga nye stikkleidningar der desse ligg som del av offentleg veggrunn. Dette for å kunne gjere ferdig arbeidet ut av veggrunnen, slik at ein slepp å grave opp igjen i kommunal- og fylkeskommunal veg for tilkopling av nye stikkleidningar om dette skal skje på et seinare tidspunkt. Skiljet mellom kommunale leidningar og private stikkleidningar vil framleis vere ved kopling til hovudleidning. Oppgjer for dei ulike private stikkleidningane som blir lagt som del av anbodet vert gjort opp mellom Kvam herad og den einskilde grunneigar. Anna arbeid på private stikkleidningar skal gjerast gjennom direkte avtaler mellom den einskilde grunneigar og entreprenør/røyrleggjar. Arbeid for private må ikkje sinke framdrifta på det kommunale anlegget.
Leidningstraseane vil i hovudsak gå i den fylkeskommunale vegen. Arbeidet i fylkesvegen er planlagt gjennomført med stenging av vegen frå måndag kl. 08. 30 til torsdag kl. 17. 00. Entreprenør skal søkje godkjenning hjå Statens vegvesen for arbeidet i forkant og følgje opp krav for gjennomføring som vert fremja frå vegeigar. Entreprenør skal planleggja arbeida nøye, og orientera dei berørte bebuarane nøye i forkant av stengingar av tilkomst eller leidningar( vatn og avløp). Vidare må storleik på maskiner tilpassast. Til sist vert det gjort merksam på leidningar og kablar som er i drift og at gjennomføringa av anlegget vert planlagt med tanke på å minimalisere driftsforstyrringar for abonnentane. i samband med anbodssynfaring vil Kvam herad orientera om dei kommunale hovudleidningane i området.
Anbud id:
744866
  • Sted:
    Kvam
  • Registrert:
    Torsdag 12. August 2021