Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Rørlegger i Rogaland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Rogaland
Avsluttet

Vannmåler

Vassmålar og tilbakeslagsventil Alle vassabonnentar i Time kommune skal ha vassmålar og tilbakeslagsventil installert innan 01. 01. 2015. Time kommune/ivar iks sender nå ut seksjonsvis krav til alle innbyggjarar om at dei som ennå ikkje har installert vassmålar og tilbakeslagsventil, må rekvirera autoriserte røyrleggjarar som kan utføra arbeidet for dei. Dei som har alt i orden etter forskrifta, må sende oss ein e-post. Den 28. 04. 2009 vart det fatta eit vedtak i Time kommunestyre med heimel i lov av 31. 05. 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3. Gyldig i frå 01. 01. 2010. Vassmålar hos alle er eit godt miljø- og ressurstiltak. Korleis vil ein vassmålar virka på gebyra? Etter installering av vassmålar vil dei som har eit stort hus og lite forbruk, kunna få nedgang i forbruksgebyret. Dei som har eit lite hus, vil kunna få auka i gebyret dersom dei bruker mykje vatn. Korleis få tak i vassmålar? Vassmålaren må abonnentane leiga av kommunen. Abonnentane må få ein autorisert røyrleggjar til å gjera jobben. røyrleggjaren må montera vassmålaren, fylla ut skjema og senda dei ferdig utfylte til Time kommune, Postboks 38, 3449 Bryne eller scannet på e-post. røyrleggjarane kan få utlevert vassmålar på håland, Kommunalteknikk, Bedriftsvegen 9, Bryne kvar måndag kl. 07. 30-10. 00. Montering Montering skal utførast etter Time kommune sine Vass og avløpsavgifter og rettleiar. Drikkevatn er ei vare, og alle abonnentar bør betala for det dei faktisk bruker av vara. på denne måten oppnår ein ei meir rettferdig fordeling av kostnadane for abonnentane. i tørkeperiodar kan forbruket av vatn nærma seg maksimal kapasitet på vassforsyningssystemet, og kommunen må innføra vatningsrestriksjonar for å kunna oppretthalda forsyningstryggleiken. Det er viktig å kunna forsyna alle delar av leidningsnettet med nok vatn av omsyn til abonnentane, vassforsyning ved brann og av helsemesseg tryggleik. Erfaring frå andre område viser at vassmålar hos alle abonnentar, gjev ein betre forsyningssituasjon i tørkeperiodar og at det totale vassforbruket gjennom året går ned. Det reduserer behovet for å innføre vatningsrestriksjonar i.
Anbud id:
446254
  • Sted:
    Time
  • Registrert:
    Fredag 30. Desember 2016