Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Anleggsgartner, Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør, Murer i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Veg- og VA-anlegg Sandvenhagen

Austre del av Gamle Dalavegen vart utbetra for om lag 10 år sidan. Dette prosjektet held fram der det førre slutta, like vest for Sandven fus barnehage. Det skal byggjast ny veg med fortau i tråd med formålsgrenser i reguleringsplanen. Det vart gjort mindre endringar i planen i 2021. Det skal lagast overgangar til eksisterande innkøyringar for bustadar langs vegen og leggjast til rette for regulert bustadfelt på sørsida av vegen. Nytt areal for veganlegget er større enn kva arealet er for eksisterande veg. Det skal lagast gode overgangar til tilliggjande areal, mellom anna ved bruk av natursteinmurar for å oppta høgdeskilnadar mellom nytt og eksisterande terreng.
Det skal opparbeidast nytt kryss mellom Gamle Dalavegen og Sandvenhagen. Det har vore utfordrande å få eit tenleg kryss. Mot vest skal det langs Gamle Dalavegen byggast fortau. Bredda på denne køyrevegen vert mindre enn kva som er tilfelle i dag. Det blir etablert møteplass på vegstrekket.
Det skal også byggjast ny tilkomst til Gamle Dalavegen nr. 60. Denne vegen er omtala med vegnummer 60000. Den nye tilkomstvegen skal erstatta eksisterande tilkomstveg. Vidare skal det lagast nokre tilslutningar til gangvegar, traktorveg og tilrettelegging for tilkomst til eigedommar. Det skal vera veglys langs vegen.
i anleggsområdet skal det også opparbeidast nye anlegg for vatn, spillvatn og overvatn. Anlegga skal knytast til eksisterande anlegg, både kommunale hovudleidningar og private stikkleidningar. Kvam kraftverk skal flytta eksisterande trafo i austre del av anleggsområdet som ligg i konflikt med nytt veganlegg. Det skal opparbeidast nye kabelanlegg i grøft og veglys langs dei kommunale vegane. Dette arbeidet må også koordinerast med alle kabeletatane som ønskjer å leggja kablar i grøftene.
Koordinering av dei ulike faga stiller ekstra krav til gode planar for gjennomføring og tydeleg informasjon til trafikantar, bebuarar i området og andre som er omfatta i forkant av utføringa.
Anbud id:
770209
  • Sted:
    Kvam
  • Registrert:
    Onsdag 24. November 2021