Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Entreprenør, Gulv, Maler, Snekker i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

Vestneshallen - nytt sportsgolvdekke i 2010

1. 2 Oppdraget
Vestneshallen vart opna i 1987 og har eit sportsgolv av typen Pulastic zs. Nytt sportsgolv skal no leggast ovanpå det gamle. Bygd opp som kombielastisk golv med toppsjikt i homogen, skøytefri herdepolyurethane. (Befaringsnotat blir utarbeidd.) Tenestekjøpet følgjer av budsjettvedtak og skjer i regi av administrasjonssjefen i nært samarbeid med Tekniske Tenester som driftar Vestneshallen og dei aktuelle brukargruppene som brukar hallen. Vestnes kommune søkjer om tilskot frå den statlege spelemiddelordninga til denne golvrehabiliteringa, og difor må aktuelle funksjonskrav frå Kultur- og kyrkjedepartementet (kkd) stettast. Det må leverandørane i konkurransen sjølv stadfeste gjennom dokumentasjon? Eventuelt signert kkd.
1. 3Kravspesifikasjon. Ca. 1210 m2 kombielastisk sportsgolv/dekke
Farge kan bestemmast av oppdragsgivar innafor leverandøren sitt standardsortiment, men i tråd med kkd-krav og ønskjelege standardar for merking etc. Sportsdekket skal leggast direkte på det gamle golvet, eventuelt med nødvendig overflatebearbeiding, mellom anna med tanke på levetidsgarantiar.
Det gamle sportsgolvet vil få tilleggsfunksjon som elastisk undergolv.
Det nye sportsgolvet/dekket ovanpå vil bli eit nytt, punktelastisk idrettsgolv/dekke. Beståande av eit nytt støtdempingssjikt (7mm) av hd gummigranulat og eit nytt skjøtefritt toppsjikt av (2mm) herdepolyurethane. Golvet skal tilfredsstille alle, aktuelle funksjonskrav som kkd stiller til kombielastiske sportsgolv. når det gjeld dokumentasjonskrav? må leverandøren studere vedlegga til konkurransegrunnlaget? Og ved eventuelle spørsmål konferere også med kkd. Golvet skal vere aldringsbestandig og dimensjonsstabilt. Golvet skal også tåle kjøring med lift og biltrafikk. Golvet skal leverast med miljøvennlig toppcoating som tilfredsstiller alle gjeldande krav? Inkludert brannklassekrav. Fleire gonger i året blir Vestneshallen brukt til andre typar arrangement enn idrett, og der bord, stolar og scene vil inngå. Og der mange menneske vil ferdast ut og inn med vanlege utesko. Leverandøren skal beskrive nøye kva krav som leverandøren vil stille med tanke på tildekking for å verne golvdekket i slike samanhengar. For at leverandøren sin levetidsgaranti skal gjelde. på same måte skal leverandøren beskrive nøye kva krav (og råd) som blir stilt med tanke på reinhaldsintervall og bruk av reinhaldsmaskiner for at levetidsgarantien skal gjelde.
Leverandøren skal beskrive golvløysinga i tilbodet med tanke på avslutting opp mot tilstøytende veggar, dører og rom/garderober. Mellom anna med tanke på forsegling, slik at vatn ikkje trenger ned i golvkonstruksjonen. Det blir føresett at eksisterande golvhylser og hylselokk skal gjenbrukast. Golvmerkinga blir tilsvarande som golvet er merka i dag, med to unntak:
på langs:
1 stk handballbane (gul), 1 stk volleyballbane + 2 hylser (mørk blå), 3 stk apparathylser
på tvers:
2 stk minihandballbaner (orange), 3 stk badmintonbaner (svart), 3 stk volleyballbaner + 6 stk hylser
(lilla), 2 stk basketballbaner (raud?)
nb! Merkinga blir gjennomgått og stadfesta på kart etter tilbodssynfaringane. (Befaringsnotat blir sendt til alle interesserte.)
Anbud id:
91648
  • Sted:
    Vestnes
  • Registrert:
    Torsdag 22. April 2010