Arkitekt, Betong, Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør, Prosjektleder, Riving, Rørlegger, Sanering, Snekker, Ventilasjon i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

12338 Siste år
9492 Siste 3 mnd
562 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Voss ungdomskule - Totalentreprise med samspel

Registrert Dato: Mandag 17. Mai 2021

I tilknyting til bygget skal det opparbeidast utomhus areal/leikeareal. Eksisterande skuleplass skal oppgraderast og nye utomhus areal skal opparbeidast. Det skal og etableras utvendig bod øst for idrettsfløy for brukarutstyr.
Det er prosjektert inn teknisk rom til eksisterande utebasseng sør for ny gymnastikksal. Dette tekniske rommet inkludert teknisk utstyr tilhøyrande basseng ligg som opsjon.
BRA for nybygg: 2780kvm (inklusive teknisk rom basseng). I tillegg frittståande utebod på 57,5kvm
Prosjektet skal gjennomførast som ein totalentreprise, med ein samspelsfase. Det er lagt opp til ein samspelsfase etter at kontrakt er inngått, for å få på plass endelege løysingar, i samarbeid med Voss herad og brukarar. Prosjektet skal her tilpassast den finansielle ramma. Kontraktsum vert låst når prosjektet er endeleg definert i samspelsfasen.  
Voss herad tar atterhald om eventuell politisk avgjersle i Heradsstyret, i oktober/november 2021. Voss herad tar atterhald om finansiering og politisk godkjenning.
Under byggeperioden må det takast omsyn til skuledrift.
Samspel. 
Det er lagt opp til ein samspelsfase etter at kontrakt for samspelsfasen er inngått, i samband med prosjektering, for å få på plass endelege løysingar og pris, i samarbeid med Voss herad og brukarar.
Her er det viktig med godt samarbeid mellom byggherre, totalentreprenør og brukarar av bygget. Prosessen skal legge tilrette for god involvering og for å verta samde om gode løysingar som tek omsyn til brukarane, overordna mål i prosjektet innanfor den finansielle ramma til Voss herad.


Referansenummer:  21/02470