IT/Web og Support i Oslo
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Oslo
Avsluttet
Åpen anbudskonkurranse - kjøp av konsulenttjenester til prosessverktøy
Direktoratet for økonomistyring (dfØ) er statens ekspertorgan på økonomi- og verksemdsstyring i staten. Vi er ein etat som er underlagd Finansdepartementet. Den unike rolla vår er å dekkje statens behov for ei heilskapleg tilnærming til økonomistyring for slik å sikre ei mest mogleg effektiv utnytting av dei statlege ressursane. dfØ har ansvar for •dei statlege konsernsystema •statsrekneskapen •konsernkontoordninga •forvaltinga av økonomiregelverket i staten •metodeutvikling og kompetanseformidling knytt til etterleving av økonomiregelverket, økonomistyring og verksemdsstyring Vidare leverer dfØ økonomitenester til statlege verksemder som sjølve vel å setje ut lønns- og rekneskapstenestene til dfØ. Meir informasjon om dfØ og organisasjonen vår finn du på (info fjernet) Direktoratet for økonomistyring ønskjer å inngå rammeavtale med éin leverandør for levering av konsulenttenester til forvalting, vedlikehald og utvikling av prosessverktøy frå kontraktinngåinga og fire år fram i tid. dfØ har løpande behov for konsulenttenester i samband med forvalting, vedlikehald og utvikling av prosessverktøyet vårt. Verktøyet er basert på Qualiware. Det inneber at vi har behov for god teknisk kompetanse på Qualiware, bruk og utvikling av prosessverktøyet og prosesskompetanse til oppgåver innanfor prosessutforming.
Anbud id:
388218
-
Sted:Oslo
-
Registrert:Torsdag 10. Desember 2015
Er du interessert i dette oppdraget?