Etablerarkurs i Akershus - enkeltplassar arbeidsmarknadsopplæring (AMO)
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Avsluttet
Etablerarkurs i Akershus - enkeltplassar arbeidsmarknadsopplæring (AMO)
Målsetjing Kurset skal bidra til etablering av eiga verksemd og betre moglegheita for arbeid for menneske som er arbeidsledige eller som er i ein usikker sysselsetjingssituasjon. målgruppe målgruppa for kurset er menneske som er tilmeldt nav som ønskjer å starte eiga bedrift og som treng fagleg rettleiing. Gjennomføringsstad Tiltaket gjeld for nav sine brukarar i Akershus. Gjennomføringsstaden skal liggje sentralt i Oslo eller Akershus, og lokala må vere i nærleiken av offentleg kommunikasjon med gangavstand til tog og/eller bussterminal/busstopp. Varigheit nav Tiltak Akershus føreslår ein varigheit på totalt fem veker, sjå fordelinga på modul 1 og modul 2 under fagleg innhald. Fagleg innhald nav ønskjer ei opplæring i to modular. Leverandør må skildre og grunngi det faglege innhaldet under kvar modul i tilbodet. 1. Modul 1 – Bedriftsetablering Leverandør skal tilby opplæring/rettleiing innan følgjande fagområde: •Kva som skal til/ kva det inneber å starte for seg sjølv •Realitetsorientering •Forretningskonsept/ Forretningsplan •Marknads- og kundebehov •Nettverksbygging •Offentlege ordningar •Innføring i regelverk knytt til etablering •Sal og marknadsføring •Budsjett/ økonomi •Oppfølging av deltakar Modul 1 blir lagt opp til eit individuelt laup med 2 vekers kursperiode per deltakar à 30 opplæringstimar per veke. 2. Modul 2 – Oppstart av bedrift Leverandør skal tilby opplæring/rettleiing innan følgjande fagområde: •Utarbeiding av forretningsplan •næringsfagleg vurdering •Val av selskapsform •Individuell juridisk rettleiing •Digital kommunikasjon •Sal og marknadsføring •Kontakt med næringsmiljø og bistand når det gjeld formidling til nettverk •Oppfølging av deltakar Modul 2 blir lagt opp til eit individuelt laup med 3 vekers kursperiode per deltakar. Det er ein føresetnad at deltakar gjer ein stor eigeninnsats i denne perioden, men at leverandør gir oppfølgjing etter behov. Leverandør skal gi ei næringsfagleg vurdering av deltakar sin forretningsidé. Organisering Leverandøren har ansvar for gjennomføring av undervisning knytt til dei ulike modulane. nav vil ved behov tinga kursplassar gjennom denne rammeavtalen, og det blir lagt opp til at deltakarar blir meldt på fortlaupande. Kurset må bli tilrettelagt kvar enkelt deltakar i samarbeid med nav. Pedagogisk tilrettelegging Leverandør blir beden om å presentere føremålstenlege pedagogiske metodar for undervisninga i løysningsskildringa. Metodane som er valt må bli skildra og grunngitt. Instruktørar Instruktørane skal ha kompetanse til å ivareta kurset sine målsetjingar og undervise innanfor alle kurset sine modular. Instruktørane sine faglege kvalifikasjonar og praktisk-pedagogiske kompetanse skal nemnast og skildrast i tilbodet. Det skal leggjast ved cv. Kapasitet Leverandør må gjere greie for kapasiteten dei har når det gjeld bestillingar. Opplæringslokal Det må bli oppgitt ei konkret adresse. Lokala må vidare vere tilpassa for menneske med nedsett funksjonsemne. Tilrettelegging når det gjeld dysleksi og lese- og skrivevanskar Tiltaket skal vere tilrettelagt for deltakarar med problem relatert til dysleksi eller lese- og skrivevanskar. Rapportering Leverandøren skal lage ein kort rapport for kvar deltakar når vedkomande deltakar avsluttar kurset. Konseptutvikling Tiltaket skal kontinuerleg evaluerast av nav. Kursarrangør skal sende ein konseptrapport til nav Tiltak Akershus kvart halvår.
Anbud id:
345061
-
Sted:
-
Registrert:Tirsdag 17. Februar 2015
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i
6 anbud
-
Transport av garnhaler fra Lakselv til EgersundTransport av en palle på ca 80 kg fra Lakselv til 4370 Egersund
-
Porsanger Porsángu Porsanki
-
Mandag 23. Desember 2024
-
-
KjøkkensnekkerVi tenker til å renovere kjøkken ved å gjøre noe små justeringer i eksisterende møblene og male dem på nytt. Lurer på om det er noen som kan hjelpe og veilede oss.
-
Lier
-
Mandag 23. Desember 2024
-
-
Frakte bord Mo i Rana-TrondheimJeg ønsker å få fraktet et spisebord fra Mo i Rana til Trondheim. Bordet er 75 cm høyt og 110 cm bredt.
-
Trondheim
-
Mandag 23. Desember 2024
-
-
Tette åpning i vegg på kjøkkenHaster! Vi har en større åpning bak underskap med vask på kjøkken som må tettes grunnet inngang i konstruksjon og antatt brutt brannskille. Det er rør mellom vask og avløp som går via åpningen, ser d...
-
Oslo
-
Mandag 23. Desember 2024
-
-
Nytt strømskapet med nye kurser oppe og nede.Trenger nye kurser automatsikringer, kobling av strøm muligens trekke nye ledninger
-
Farsund
-
Mandag 23. Desember 2024
-
-
Utvask av hytteHei, ønsker utvask av hytte på 70m2 29. Desember mellom kl 12 og 15.
-
Ringsaker
-
Søndag 22. Desember 2024
-