Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Bygningsmessig og teknisk rehabilitering og oppgradering av bassenganlegget

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Avsluttet

Bygningsmessig og teknisk rehabilitering og oppgradering av bassenganlegget

Hauso skule - orientering om entreprisane
Prosjektet omfattar i hovudsak bygningsmessig og teknisk rehabilitering og oppgradering av bassenganlegget ved Hauso skule i Ullensvang Herad. Bassenganlegget er frå midten av 70-talet, og det skal byggjast nytt teknisk rom til bassenget.
grunn og betong
Eksisterande utjamningstank skal delast opp i skyllevasstank og utjamningstank.
Frittståande? Kjemikalie-bu? Skal rivast, og det skal setjast opp eit tilbygg mot eksisterande bassengrom. Deler av dekke og støyp rundt basseng skal rivast og støypast på nytt.
Siporex i ny inspeksjonsgang i kjellar skal rivast.
tØmrar
Yttervegg i bassengdelen skal flyttast ut 50 cm. Ny vegg i 20 cm bindingsverk. Vindauge med trelags glas. Tilbygg i nord får flatt tak, med 30 cm isolasjon under krysslufting.
Nedsenka systemhimling i bassengrom.
Innsetting av nye vindauge / ytterdører i resten av skulen, er eigen entreprise.
mur og flisarbeid
Arbeidet omfattar pussing av ein del golv og legging av fliser på membran på veggflater og golv i symjehallen og i tre garderoberom.
Bassengveggar og -botn skal fugast omatt med epoksymasse, alternativt skal det leggjast nye fliser på desse flatene.
Betongtak i bassengrom skal påførast smyrjemembran som damptetting.
malararbeid
Grunning og 1x oljedekkbeis på alt nytt utvendig treverk.
Betongtak og gipsplatetak i bassengrom og birom, skal handsamast med våtromsprodukt.
Det same gjeld for pussa teglveggflater, fibersementplateveggar og gipsplateveggar i bassengrom og birom.
i teknisk rom og kulvert skal veggar og tak påførast murmaling etter grunning.
ventilasjonsanlegg
Eksisterande ventilasjonsanlegg for bassengrom skal rivast, og aggregat skal skiftast ut med nytt avfuktingsaggregat plassert i nytt teknisk rom. Ventilasjonsanlegg skal utførast med tilluft via spalteventil montert på kanal i innkassing under glasfasade, og sentralt avtrekk.
sanitÆranlegg
Eksisterande sanitæranlegg i teknisk rom skal rivast. Det skal monterast nytt sanitæranlegg (utstyr og framføring) i tekniske rom, bassengrom og nokre garderobar.
bassengrenseanlegg
Eksisterande bassengrenseanlegg skal rivast, og det skal monterast komplett nytt renseanlegg for terapibasseng-drift i teknisk rom i kjellar. Sirkulasjonsmengde skal aukast ved å montere fleire renneavløp og vegginnløpsdyser.
elektrisk anlegg
Eksisterande installasjon i bassengrom og teknisk rom skal skiftast med nytt ljosanlegg og installasjon for bassengrenseanlegg og ventilasjonsaggregat. Delvis skjult og delvis ope anlegg.
Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden (info fjernet)? id=154729.
Anbud id:
38706
  • Sted:
  • Registrert:
    Fredag 30. Januar 2009

Lignende oppdrag i

6 anbud